Komande torsdag blir det smektande brasilianske tonar å høyra på Turisthotellet i Rosendal, med Luzia Molina frå Spania, og Bjarne Øymyr av den meir kortreiste sorten.

I fjor sommar kom Luzia til Rosendal for å halda ein konsert. Ho likte seg så godt at ho like godt vart verande ein heil månad. Ho trefte då Bjarne Øymyr. Dei spelte litt i lag og fann raskt «tonen» – noko som resulterte i ein konsert på Gjesten på turisthotellet. Det gav meirsmak, og Luzia valde å kome attende. Ho har gjennom sommaren stått i spissen for konsertar på Gjesten kvar torsdag. No blir det duokonsert, og mykje av materialet vi får presentert er frå Brasil. Luzia har vore opptatt av denne musikken i lang tid, og Bjarne Øymyr har spelt mykje av det same repertoaret frå ein jazz-ståstad, heiter det i ei pressemelding.

– Musikk handlar i stor grad om kommunikasjon. Lytta på kva dei andre i bandet gjer, og respondera. Eg føler at vi kommuniserer veldig bra. Det gir eit stort rom for improvisasjon og det leikne, seier Luzia Molina i pressemeldinga.