Internasjonalt møte i Dønhaugkjellaren

Fredag 26. april kan du oppleva Freedoms Trio i Dønhaugkjellaren. (Foto: Audun Selnes).

Fredag 26. april kan du oppleva Freedoms Trio i Dønhaugkjellaren. (Foto: Audun Selnes).

Fredag 26. april får Husnes Jazzklubb besøk av Freedoms Trio, ein trio med røter og musikalsk inspirasjon frå tre verdsdelar. Konseptet deira er world-jazz med afro-brasiliansk påverknad.

DEL

Freedoms Trio er eit ensemble i stadig utvikling. Scenar som allereie har presentert Freedoms Trio kan fortelja om jublande mottaking, topp stemning og intrikat, men innbydande og tilgjengeleg musikk med tropisk, kokande «vibe», skriv Husnes Jazzklubb i pressemeldinga.

Konseptet er eit møte mellom gitaristen Steinar Aadnekvam, opprinneleg frå Bergen, trommeslagar og vokalist Deodato Siquir fra Mosambik og bassvirtuosen Rubem Farias frå Brasil.

Steinar Aadnekvam har det seinaste tiåret gjort seg internasjonalt kjent som ein ualminneleg evnerik gitarist. Han er sterkt influert av jazz og world music og er samtidig ein av dei få unge gitaristane i verda som speler moderne jazz på akustisk nylongitar. Heime i Norge fekk han sitt gjennombrot som følgje av ein konsert i regi av Molde Jazzfestival og debutplata «Simple things» som leia til festivaljobbar i heile Nord-Europa. Vidare har hans tette samarbeid med Brasilianske musikarar ført til fleire gode album og inspirerande turnear både i Norden og Brasil.

Trommeslageren og vokalisten Deodato Siquir representerer noko av det beste innan Afrojazz i Norden. Han har tidlegare samarbeidd med folk som Etienne Mbappé, Linley Marthe og sjølvaste Joe Zawinul. Han er showmann til fingerspissane og i høgste grad med på å skapa ei konsertoppleving som vil fanga deg, fenga deg, fylla deg og følgja deg lenge!

Bassisten Rubem Farias kom til verda i Slummen i Salvador, i den brasilianske delstaten Bahia. Det blei snart tydeleg at den vesle guten hadde musikalske evner langt utover det vanlege. Allereie som 13-åring blei han antatt som elev ved musikkonservatoriet i Sao Paulo. Der fekk han studera med mange av dei beste musikarane i landet. I dag er Rubem ein av dei mest ettertrakta unge musikarane i Brasil.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags