Rapparane i Kriminell Kunst kjem til Festidalen

Kriminell Kunst frå Stavanger vann Vestlandssatsinga på Stord førre helg. I sommar kan du høyra dei på Festidalen.

Kriminell Kunst frå Stavanger vann Vestlandssatsinga på Stord førre helg. I sommar kan du høyra dei på Festidalen.

Kriminell Kunst frå Stavanger vann Vestlandssatsinga på Stord, og får dermed spelejobbar på fleire festivalar i sommar – inkludert Festidalen.

DEL

Vestlandssatsinga har utspring frå bransjefestivalen «100 Dagar», og gjekk av stabelen på Stord førre helg. Her får unge band og musikarar spela konsertar og visa seg fram, og festivalane som står bak arrangementet er Malakoff, Musikkfest Stavanger, Utkant, Skral, Tysnesfest, Mablis, Festidalen, Bygdalarm, Skånevik Bluesfestival, OmStock, Fest i Vest, Den Festivalen i Vangen og Vikedal Roots Music Festival. Kvart år blir det kåra ein vinnar som får spelejobbar på desse festivalane, og i år stakk rapgruppa Kriminell Kunst av med sigeren. Dermed får du høyra dei på Festidalen i Uskedalen i sommar.

– Kriminell Kunst sitt musikalske bilete er eit massivt graffitiverk frå heile fargekartet. Hiphop med feite rytmar, og refreng så uimotståelege at du syng med uansett. Dette er elegante rapparar med høg kvalitet på låtar, lyd, show og utføring, skriv Festidalen i ei pressemelding.

Sommaren 2015 sleppte Kriminell Kunst sin første NRK P3-lista singel «Måden du ser på meg», og i 2017 kom mini-albumet «Miami Nice».

Artikkeltags