Skal spela på Husnes

Øyvind «Vinni» Sauvik er ein av artistane som skal spela på Husnes og OmStock-festivalen til sommaren. (Pressefoto).

Øyvind «Vinni» Sauvik er ein av artistane som skal spela på Husnes og OmStock-festivalen til sommaren. (Pressefoto). Foto:

Fleire og fleire artistar fyller OmStock-plakaten, og siste namn på lista er tidlegare Paperboys-frontfigur Vinni.

DEL

– Vi er kjempeglade for å kunna sleppa nyhendet om at sjløveste Vinni kjem til OmStock 2019! Han stiller med fullt band i ryggen, og triumferer gjennom alle godlåtane frå Paperboys til sitt eige solomateriale heilt fram til no, anten det er eigne hits eller låtar frå «Hver gang vi møtes», skriv Trond Betten i Castle Road Management i ei pressemelding.

Øyvind «Vinni» Sauvik har i ei årrekkje vore frontfigur for ei av Norges største rap-grupper, Paperboys. Bandet har gjennom kjempehits som «Barcelona» og «Lonesome Traveller» oppnådd stor suksess, og har i si tid hatt heile 18 singlar innom VG-lista. Etter Paperboys-tida har Vinni fronta prosjektet Vinni & The Vagabonds som kanskje er best kjent for singelen «Let The Monkey Out» med svenske Timbuktu som gjesteartist og albumet «Happily Lost».

No står Vinni på eigne bein – og til alt overmål skulle dette skje på morsmålet. Med albumet «Oppvåkningen» og låtar som «Mørkeredd», «Stjernestøv», «Sommerfuggel i Vinterland» og «God Morgen Norge» klarte Vinni å markera seg igjen på toppen av listene i Norge. Sistnemnte to låtar er forresten henta frå TV2-suksessen «Hver gang vi møtes», der Vinni jobba med bautaer innan norsk musikkliv som Halvdan Sivertsen, Jan Eggum, Anne Grethe Preus, Bertine Zetlitz, Øystein Dolmen og Elvira Nikolaisen. «Sommerfuggel i vinterland» i Vinni-drakt er den raskast seljande singelen i norsk iTunes-historie, og suste rett inn på toppen av lista eit knapt døgn etter TV-sendinga. Vinni er ikkje berre ein listetoppar, men har også turnert og spelt meir enn dei fleste andre norske artistar det siste tiåret. Han har spelt på dei aller fleste store norske scenane og festivalane, og kan med rette kalla seg ein av landets mest erfarne live-artistar.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags