Festidalen og OmStock samarbeider om Lambasleppet

I fjor var det Kjerstin Guddal Jansson som stakk av med Lambasleppet-stipendet på 50.000 kroner. Her frå arrangementet i Uskedalen – i år blir det lagt til OmStock-festivalen og Husnes. (Arkivfoto).

I fjor var det Kjerstin Guddal Jansson som stakk av med Lambasleppet-stipendet på 50.000 kroner. Her frå arrangementet i Uskedalen – i år blir det lagt til OmStock-festivalen og Husnes. (Arkivfoto).

I år skal ungdomsarrangementet Lambasleppet bli ein del av programmet til OmStock på Husnes 7. juni.

DEL

Sidan 2015 har frivillige krefter i Festidalen bygd opp og utvikla konseptet Lambasleppet som ein del av festivalen i Uskedalen. Dette har blitt ei viktig kultursatsing for lokal og regional ungdom med musikardraumar. I ei pressemelding frå Festidalen kjem det fram at dei vennskapelege kreftene bak OmStock og Festidalen i år vil samarbeida for å gi konseptet ein breiare plattform. For publikum og artistar betyr det at Lambasleppet blir lagt til fredagen under OmStock-festivalen på Husnes 7. og 8. juni, gratis og ope for alle. Festidalen går av stabelen tre veker seinare, 28. og 29. juni.

Unge sjeler med talent, guts og skaparevner blir via ei proff utescene med stort publikum. Premiar som stipend, studiotid og spelejobb på bransjefestival gir artistane ein unik sjanse for å korta vegen mot artistlivet.

– Me som er arrangørar i kommunen må stå saman, støtta kvarandre, og utvikla kvarandre. Og ikkje minst stimulera ungdomen mot ei auka kulturinteresse. Det er mange flinke arrangørar her allereie, og me treng i alle fall ikkje færre. Heller, gjennom samarbeid, bidra til at fleire finn sin «indre arrangør». At OmStock og Festidalen held fram bygginga av Lambasleppet saman, gir artistane eit større nedslagsfelt, og arrangørane ei fin sluse for kompetanseutveksling, seier Daidalos Dahle i Festidalen i pressemeldinga.

Informasjon og søknad om deltaking på Lambasleppet blir frå måndag av skubba ut på SoMe-plattformane til OmStock, Festidalen og Lambasleppet.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags