Nytt Pink Floyd-show i februar

Dette bildet er frå den første av dei to framsyningane av Pink Floyd Prosjekt 1 i februar i år. I 2019 kan publikum igjen få oppleva den storslåtte musikken frå bandet, framført av lokale musikarar. (Arkivfoto).

Dette bildet er frå den første av dei to framsyningane av Pink Floyd Prosjekt 1 i februar i år. I 2019 kan publikum igjen få oppleva den storslåtte musikken frå bandet, framført av lokale musikarar. (Arkivfoto).

Pink Floyd-prosjektet til Gaa Paa i februar i fjor blei ein braksuksess. Derfor er det bestemt at Pink Floyd Prosjekt del 2 blir ein realitet i februar 2019, og arrangøren lovar samtidig at det denne gongen blir annleis, røffare og større.

DEL

– Det er ei stor glede for oss å kunngjera at Pink Floyd Prosjekt, som hadde konsertar i februar i år, no får ein oppfølgjar. Me gir Kvinnherad-publikummet Pink Floyd Prosjekt 2, som blir eit heilt nytt show – produsert frå nesten blanke ark. Konsertane blir i Kulturhuset Husnes 15. og 16. februar neste år, nøyaktig eitt år etter første konsert, skriv Oddbjørn Kloster i ei pressemelding.

Han fortel at det blei for krevjande å forlata Pink Floyd-universet når han tenkte på alle dei musikkskattane dei ikkje tok med i det første showet. Avgjerda om å gjera ein ny konsert med favorittbandet vart teken berre timar etter teppefall på show 1.

– Pink Floyd 2 blir nærare orginal-«soundet» og ikkje i stororkesterformat. Me skulle gjerne hatt Husnes musikklag med oss på kvart eit prosjekt, for det var ei stor oppleving, som i alle fall underteikna aldri kjem til å gløyma. Likevel, grunna dei strenge tidsrammene og ettersom me alltid prøver å produsera nye uttrykk, vart det tidleg avgjort at me gjekk for eit band på omlag sytten musikarar, avslører Kloster.

Annleis, røffare og større er grunnvisjonen i den nye Pink Floyd-produksjonen.

– Me drar med oss nokre av dei beste låtane frå Pink Floyd Prosjekt 1, ikler dei nytt sound og hentar fram nytt stoff frå det britiske gigantbandet si skattekiste. Det er ikkje vanskeleg å velja kva ein vil ha med – langt verre å velja bort musikk. Det hadde vore ein smal sak å laga settlister til tre-fire show.

Kloster og Gaa Paa vil ikkje røpa noko settliste no, men gir oss «The Wall» og «Animals» som stikkord. Han seier òg at dei som fryktar at monsterhitane ikkje blir med, kan slappa heilt av.

– Den tekniske produksjonen blir større enn nokon gong, og langt større enn ved det første prosjektet. Visuelle effektar blir tatt til nye nivå og igjen skal me utfordra grenser på kva som er mogleg i Kulturhuset Husnes.

Kloster avsluttar pressemeldinga med at Pink Floyd Prosjekt er eit prosjekt i to delar.

– Det kjem ikkje nokon del 3, difor vil eg minna om at over hundre håpefulle ikkje fekk billett til førre show. Dei som vil få med seg dette må vera om seg!

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags