Black Ingvars til Halsnøy

Blandar du heavy-metal og danseband, då får du Black Ingvars.

DEL


På slutten av nitti-talet var Black Ingvars ei av dei største gruppene i Sverige. Med ein miks av danseband og heavy-metal tok dei heile Europa med storm, og toppa også hitlistene her i Norge.

Dei turnerte 320 dagar på rad og selde både gull- og platinaplater. Ei av deira mest kjende plater er den der dei spelte inn barnelåtar, blanda med tungrock. Gruppa tok ein pause frå 2000 til 2008, og har sidan då halde det gåande.

– Det er stort å få dette legendariske bandet frå Gøteborg til vesle Halsnøy, seier Trond Betten til Kvinnheringen.

Betten har vore booking-manager for gruppa i 10 år, og no har han endeleg fått dei hit til kommunen.

Han forklarar at bandet tar dansbare melodiar, for eksempel får du Pippi Langstrømpe og legg på Deep Purple musikk til songen.

– Det er blitt ei greie dei har levd godt på i mange år. No skal gruppa innom åtte stader i Norge i haust, og eg fekk lov å ta dei til ein mindre plass, og då vart det Pub 13 på Halsnøy, seier Betten.

Han lovar publikum ei spesiell og artig oppleving. Det er knakande gode musikarar, så dette blir garantert morosamt og bra, seier Betten, om det litt ironiske rockebandet.

Bandet spelar på Halsnøy 15. september


Artikkeltags