STIM er eit band med rutinerte musikarar som alle har tilknyting til Nordhordland. Gruppa dyrkar sin kjærleik til dei store banda og låtane frå 70-talet.

– Repertoaret består av nokre av dei største rockeklassikarane som er laga, av artistar som Led Zeppelin, Deep Purple, Pink Floyd, Dire Straits, Manfred Mann, Queen, David Bowie, Steppenwolf og mange fleire. STIM legg si sjel i å spela låtane slik dei var meint å spelast, og mange av dei er slike som alle har høyrt, men få har opplevd live. Ver budd på å få bakoversveis av låtar du hadde gløymt at du elska. Med dette bandet på scena blir det garantert god STIM! Ta gjerne på tidsrette klede frå perioden, det gjer me i STIM, heiter det i ei pressemelding.