Vassendgutane har gjort «fest-country» til sitt varemerke, og bør vera eit kjent namn for dei fleste kvinnheringar. Bandet har gjort stor suksess som konsertband rundt omkring i Norge, med sin uhøgtidelege og humoristiske vri på countrymusikken. No begynner det å bli nokre år sidan sist bandet besøkte Kvinnherad, sist var i 2013, men laurdag 24. november er dei tilbake for spela opp til dans i Festsalen i kulturhuset på Husnes.

«Helane i Taket» er namnet på Vassendgutane sin turné i 2018. Dette vil bli tidenes år for karane frå Ørsta, som styrer mot den 22. turnesesongen i bandet si historie. 25. mai kom det ny plate i butikkane og nytt album på blant anna Spotify – «Du & Ej & MeToo». Dei nye låtane frå dette albumet, krydra med Vassendgutane sine store hits, vil setja rammene for konsertane på turneen.

Arrangør 5460 LIVE håpar kvinnheringane kjenner si besøkingstid, og håpar på utselt konsert:

– Vassendgutane plar vera populære her i kommunen, så det kan vera lurt å sikra seg billett tidleg.