Julekonsertar med Cantus Firmus

KONSERTAR: Koret Cantus Firmus held to julekonsertar 13. og 15. desember. Pressefoto

KONSERTAR: Koret Cantus Firmus held to julekonsertar 13. og 15. desember. Pressefoto

Cantus Firmus inviterer til julekonsertar i Åkra og Ænes 13. og 15. desember.

DEL

Fredag 13. desember reiser Cantus Firmus til julekonsert i Åkra, og søndagen til Ænes. Cantus Firmus gler seg over invitasjonar frå sokneråda i Åkra og Ænes. På Ænes vert også pianist Yuko Suto med som akkompagnement.

Cantus Firmus er eit kor med utspring i og rundt Kvinnherad kyrkje, under leiing av Rebekka Attramadal. Koret byrja med fire songarar i 2015, og har no heile 11. Cantus Firmus er eit latinsk uttrykk, og betyr fast melodi, eller pre-eksisterande melodi. Koret ynskjer å halda høg kvalitet, og har øvd på julerepertoaret sidan før sommaren for å leva opp til denne lyden og klangen som namnet Cantus Firmus lovar.

Repertoaret vert ei god blanding av ny og tradisjonell musikk. Det vert utdrag frå kjente verk som Handels Messias, Mozart, Duruflê og Andrew Lloyd Weber. Det vert også norske folketonar, amerikanskinspirerte «carols» og julesalmar.

Cantus Firmus gler seg over å ha fått invitasjonar i Åkra og Ænes, og håpar mange frå andre bygder også tek turen til desse vakre kyrkjene denne helga. Julestemninga er med dette garantert!

Med venleg helsing

Rebekka attramadal

for Cantus Firmus


Artikkeltags