Gå til sidens hovedinnhold

Fredag speler FordRekord på Bar 5460

Artikkelen er over 3 år gammel

– Fredag blir det ein forrykande konsert med gladgutta i FordRekord. Dette energiske Haugesund-/Stavanger-bandet hadde me i grunn lite kjennskap til, før me vart «obs» på ein video som ein publikummar hadde lagt ut på nettet. Dette er fenomenale musikarar som tek live pop/rock/funk-stemninga til nye høgder. No har me sjølvsagt sjekka ut alt dei har laga frå dei slapp singelen «Perleporten» i 2009, og me er blitt ekte fans! skriv konsertansvarleg Oddbjørn Kloster i ei pressemelding.

Han anbefalar sjølvsagt alle å ta turen til denne konsertkvelden, som han seier er eit fredagsarrangement for både ung og gammal.

Kommentarer til denne saken