Gå til sidens hovedinnhold

ItaloBrothers skal laga skikkeleg klubbstemning på Husnes

Artikkelen er over 3 år gammel

Den tyske EDM-gruppa ItaloBrothers kan det å laga liv. Laurdag 2. september kan du få oppleva dei i Festsalen i Kulturhuset Husnes.

Det er ikkje så ofte Kvinnherad-ungdommen får oppleva live EDM-musikk. I juni spelte ItaloBrothers på VG-Lista i Oslo saman med andre store namn, og no kjem techno-trioen Matthias Metten, Zacharias Adrian og Kristian Sandberg til Husnes. Arrangør for konserten er 5460LIVE.

– Eigentleg hadde vi booka dei til Bar5460, men vi fann ut at det lokalet, som tar maks 230 personar, blei for lite. ItaloBrothers skal blant anna ha med seg eit «monsteranlegg», og derfor passar Festsalen i kulturhuset betre, fortel Ronny Hamre, som driv Bar5460 saman med kjærasten Karoline Øvstebø Helleland. Med seg på laget i 5460LIVE-konseptet har dei også Oddbjørn Kloster.

I sommar kom ItaloBrothers med låten «Summer Air», som er den femte singelen gruppa har hatt inne på topplistene i Norge. Det går aldri stille for seg når desse stjernene opptrer, og dei leverer eit live-show av internasjonal klasse, lovar arrangørane. Då er det kanskje ikkje så rart at gruppa også har laga fleire russelåtar.

– Vi er veldig glade for denne bookinga. Det blir ein fest utan samanlikning, og desse karane er kjende for å laga skikkeleg liv. Billettsalet går veldig bra, så her bør folk vera tidleg ute for å sikra seg, legg Hamre til.

Forutan «Summer Air» vil publikum også høyra fleire andre hits, som til dømes «Stamp on the ground», «Love is on fire», «This is nightlife», «Welcome to the dancefloor» og «My life is a party». I tillegg skal DJ RealAudio spela både før og etter ItaloBrothers sin konsert, og i tillegg skal den lokale duoen TwoFace varma opp før konserten. Her er det berre til å finna fram blinkeskoa og det kulaste klubbantrekket du har til ein «heilaftan» med klubbmusikk!

Kommentarer til denne saken