På denne konserten kan det meste skje

Denne trioen, Knut Reiersrud, Gabriel Fliflet og Ole Hamre, speler konsert på Husnes til helga. (Pressefoto).

Denne trioen, Knut Reiersrud, Gabriel Fliflet og Ole Hamre, speler konsert på Husnes til helga. (Pressefoto). Foto:

Fredag har duoen Fliflet/Hamre med seg gitarist Knut Reiersrud til for å spela konsert på 5460 på Husnes. Det blir garantert ei spesiell oppleving!

DEL

I Gabriel Fliflet og Ole Hamre sin fargerike musikk står leikelyst og innleving sentralt, og det meste kan skje: Rå balkantonar blir dundra ut mellom vare, nordiske moll-perler og jødiske ettertenksomheiter, norske kystmelodiar eller italienske partisansongar. Instrumenta dei to trakterer er ikkje få, blant anna trekkspel, «hamrofon», potte – og av og til tar Ole Hamre på seg steppeskoa! Ikkje rart at dei to kallar seg «sære, men populære». Dei har nemleg turnert i heile landet med musikken sin.

Fliflet/Hamre har gitt ut platene «Ivar Aasen goes Bulgaria», «Moro post mortem – live», «Gabriole» og «Eine kleine Kraftmusik». På oppdrag frå NRK1 laga dei to venene i 1996-97 TV-serien «Fliflet/Hamre Kraftakvarium».

På starten av 2000-talet innleia Fliflet/Hamre eit spennande samarbeid med gitarist Knut Reiersrud. Etter ein gjenforeiningskonsert i Oslo, har karane besøkt Voss, Hamar, Tønsberg, Bø, Porsgrunn, Bergen og Arendal, og fredag kjem dei altså til Husnes.

Artikkeltags