Høyåker Musikkorps er klar som eit egg til å spela inn våren. Det skjer i Valen kyrkje måndag kveld, og akkurat du som les dette er varmt velkomen til å høyra på.

– Invitasjonen til å spela vårkonserten på Valen kom frå Husnes og Holmedal sokneråd i fjor haust. Den ideen tente vi på, og no har vi praktisk talt brukt heile vinteren til å øva fram mot denne vårkonserten, fortel korpsmedlemene Bente Kviteberg og Ståle Schille.

Dei 22 musikantane frå Utåker, Høylandsbygd, Skånevik og Etne har dyktige Linas Dakinevicius med på laget som dirigent. Han lovar eit variert program som strekkjer seg frå Händel, via romantikken til vår tid.

– Vi byr på melodiøs musikk, romantiske tonar og friske, lette takter, seier dirigenten om innhaldet.

Til det mektige høyrer stykket «La Storia» av nederlandske Jacob de Haan. Her får musikantane i Høyåker vist kva dei er gode for. Men all musikken som vert framført denne kvelden er vel verd å låna øyre til, skal vi tru representantane for korpset.

Korpset byr på fleire solistinnslag, mellom anna med dirigenten sjølv på valthorn og kantor Eva Megyesi på orgel. Olav Eger muntrar opp som solist på triangel i stykket «Triangle Tarantella» av Oliver Mann.

Høyåker Musikkorps skal spela same konserten i Skånevik ei veke seinare.

– Kom og høyr på oss, oppmodar Kviteberg, Schille og Dakinevicius.