Gå til sidens hovedinnhold

Innhaldsrik pinsehelg i Åkra

Artikkelen er over 3 år gammel

Pinsehelga plar alltid vera ein kjekk affære i Åkra-bygda. I år får bygdefolket høyra flott musikk av artisten Karoline Taraldsøy ved fleire høve.

Sjølve pinseaftan, laurdag, kan sprekingane delta på Åkraløp og sandvolleyballturnering på dagen, før det blir pubkveld i Sjøbuo kafé med underhaldning av Karoline Taraldsøy. Den allsidige artisten har nok countrymusikk nærast hjarta, men ho har òg mykje anna på repertoaret. Ho speler blant anna musikk av Willie Nelson, Highwaymen, Alan Jackson, Creedence, Tanya Tucker, Dolly Parton, Bjørn Eidsvåg, Mods, Vassendgutane, Hellbillies, Staut og mange fleire. Taraldsøy har dei siste åra satsa på musikken på heiltid, og gav ut eit album i 2013: «Ta deg tid», og EP-en «Good to be alive» i fjor. I år kom ho med singelen «Resept». Ho har mange varierte oppdrag, men det er likevel trubadurjobbar ho gjer mest av. Ho er kjent for den hese, særeigne stemma si, formidlingsevna og den nære kontakten med publikum. Når ho speler gamle «countrysvisker» er ho i sitt ess.

Tradisjonen tru startar søndag første pinsedag tidleg for dei som vel å ro ut i Åkrafjorden i færingar. Dei blir tekne imot av sambygdingar som har samla seg på kaien, der det blir rømmegraut og minikonsert med Karoline Taraldsøy. Seinare blir det gudsteneste i Åkra kyrkje med sokneprest Kjetil Kringlebotten, før kyrkjekonserten med Karoline Taraldsøy. Då vil ho spela ei blanding av kjente og mindre kjente songar, både norske viser, country/gospel, salmar og eige materiale.

Les også

Klart for det 28. Åkraløpet

Kommentarer til denne saken