Unge talent frå Kvinnherad får spelejobb på «100 Dagar» på Stord denne helga

Marion Skogseth frå Valen skal spela under bransjefestivalen «100 Dagar» på Stord til helga. Her under Lambasleppet 2017, Festidalen si ungdomssatsing. Kjartan Thorkildsen «aka» Catnip Cloud frå same bygd er også ein av dei 20 artistane på bransjefestivalen. (Arkivfoto).

Marion Skogseth frå Valen skal spela under bransjefestivalen «100 Dagar» på Stord til helga. Her under Lambasleppet 2017, Festidalen si ungdomssatsing. Kjartan Thorkildsen «aka» Catnip Cloud frå same bygd er også ein av dei 20 artistane på bransjefestivalen. (Arkivfoto). Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

20 band er klare for Stord-festivalen «100 Dagar» til helga, blant anna kvinnheringane i Catnip Cloud og Marion Woodseth (bildet).

DEL

Det er Stordfest som står bak «100 Dagar» – eit bransjetreff som blir arrangert årleg i januar/februar, og som samlar musikarar og festivalar på Vestlandet til konsertar og nettverksbygging. I styret sit blant anna Daidalos Dahle frå Festidalen, som også er med på å booka dei 20 artistane og banda som får spela på 100 Dagar.

– Dette er utan tvil det trivlegaste treffet vi festivalar har i løpet av året. Grunnen til det er at det så intimt. Det er ingen distanse mellom arrangørar, artistar og publikum. Alle ser alle dei 20 konsertane. Og sjølv om dette i utgangspunktet er ein bransjefestival, så er det veldig publikumsvennleg. Eg vil oppmoda alle kvinnheringar som har sjansen til å ta turen, for å få med seg ei knallkjekk festivalhelg med det nyaste og mest spennande Vestlandet har å by på av nye band og artistar, lokkar Dahle.

Kvinnheringar skal spela

Fredag føremiddag er det seminar og diskusjonar for arrangørane, og laurdag føremiddag kan artistane vera med på ein givande sesjon. På kveldane føregår konsertane. På Lambasleppet til Festidalen kunne dei unge artistane som deltok konkurrera om ein spelejobb på 100 Dagar, og i fjor var det Symra som vann den premien. Marion Woodseth (Marion Skogseth frå Valen), som vann Festidalen-stipendet på 50.000 kroner, skal også spela på 100 Dagar. Det same skal Kjartan Thorkildsen med artistnamnet Catnip Cloud. Aldri har variasjonen på 100 Dagar vore større, og denne helga får du med deg alt frå pop og viser til punk, rock, hardrock, indie-rock, jazz og elektronika.

Unik sjanse

Dei deltakande festivalane på 100 Dagar har dei fem siste åra gått saman om ei ekstra satsing på eit band eller ein artist som utmerkar seg spesielt, og som ein vil løfta fram, gi speletid og hjelpa med å «byggja CV». Dette vert kalla «Vestlandssatsinga».

– Dei som vinn denne satsinga får då spela på ein haug med festivalar og får 10.000 kroner per festival. Då får dei prøva seg på store scener og framfor eit breitt publikum som det elles ikkje er lett for uetablerte artistar å komma seg inn på. Samtidig genererer det ei bandinntekt på mellom 100–180.000 kroner som gjer at desse musikarane kan fokusera på nettopp å vera musikarar på sommaren i staden for å finna seg andre sommarjobbar, forklarar Dahle i Festidalen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags