Elisabeth Berg Hass

Musikk-snikkaren

Ti år har gått sidan Snikkeriet starta opp. Gründer og musikar Eli Kvalvågnes har klart kunsten å etablera ein fast musikkmøteplass i Rosendal kvar fredagskveld.
Publisert

– Der folk er samla, bør det også vera musikk.

Og med det tenkjer ikkje Eli Kvalvågnes på såkalla «heismusikk», altså lyd som mest har som mål å dekkja over stilleiken. For Snikkeriet-gründeren og visesongaren er det først og fremst livemusikk som er ekte vare. Så er òg livemusikken blitt eit varemerke for serveringsstaden/puben hennar, som fyller ti år denne helga. Kvar fredag samlast musikkinteresserte, både utøvarar og publikum, til livejam, der kreativiteten og musikkgleda får strøyma fritt. Men det var nokså tilfeldig at Kvalvågnes skulle enda opp som eigar av rosendalspuben. 

– Eg var innom helsekosten som låg her for å søkja om ei stilling som terapeut, då eg er utdanna kinesiolog. Før eg gjekk derifrå den dagen, hadde eg fått tilbod om å kjøpa heile bygget – og hadde takka ja, ler Kvalvågnes.

Ny profil

Dette var i 1998, same året som ho flytta til Åkra frå Lindås for å ta over morsgarden. Som ein kuriositet kan nemnast at garden voks seg dobbelt så stor då ho gifta seg med Tor i nabogarden, sidan dei to ikkje berre slo liva sine saman, men òg gardane.

Sentrumsbygget i Rosendal fekk ein litt ny profil då Kvalvågnes og mannen kjøpte bygget.

– Tida låg ikkje lenger til rette for å driva mange små butikkar i bygget, så vi begynte å tenkja på andre formar for drift. Leilegheiter la vi til rette for, i tillegg til at helsekosten blei drive vidare med terapitilbodet. Så fekk vi med oss ein svært dyktig kokk, Unni Guddal, som starta opp kafeen Spiskammerset her, fortel ho.

Tragedien råka eitt år etterpå, då Unni gjekk bort.

– Vi var lamslegne av sorg alle saman. Eitt enormt tap av ein fantastisk person, og eit stort tilbakesteg for drifta her, seier Kvalvågnes, som framleis synest det er vondt å tenka tilbake på tapet av samarbeidspartnaren.

Kafeen blei etter ei tid drive vidare av nye folk, men blei sidan flytta til «gamle-Posten».

– Då ante eg verkeleg ikkje kva eg skulle gjera her i bygget, og ringte to gode venninner av meg for å be om hjelp og råd. Eg trong å tenkja nytt, men det kravde eit stort mot av meg. Heldigvis fekk eg med meg desse to venninnene, Anne Gro Opheim og, ei kort tid ,Gunn Sørensen, og saman starta vi opp Snikkeriet mat, vin og kaffibar, som det heitte då. Noko av det første vi gjorde, var å søkja etter dei gamle møblane som blei produserte her den gongen det var møbelsnikkeri her. Mykje fekk vi tak i, resten supplerte vi med Fretex-funn.

– Det vi dyrkar, det veks

Dette var i 2005, og sidan har staden blitt driven i meir eller mindre den forma den blei støypt i då. Den retro, heimekoselege stilen er intakt. Restauranten er ope frå påske til ut august, men Kvalvågnes arrangerer òg selskap på bestillingar. For få år sidan kjøpte staden rettane til å driva Galleri Rosendal vidare. Og så er det helgepubane då, med jam, konsertar og uteliv. Den spede starten for denne kom då den sjølvlærte gitaristen og trubaduren Kvalvågnes, som då ho var ungdom mellom anna turnerte med Ivar Medaas, heldt gitarkurs i Snikkeriet-lokala.

– Eg hadde ti faste elevar, alle glad-damer frå bygda, og i heile åtte år samla vi oss her og spelte. Dette blei forgjengaren til jam-en som er i dag, og fire av dei første gitarelevane mine kjem faktisk til jubileumsjam-en i helga, fortel Kvalvågnes, som saman med rundt 80 prosent av musikarnettverket rundt Snikkeriet har laga eit spennande jamprogram for fredagen.

For som Kvinnheringen tidlegare har skrive, slår Snikkeriet til med ei skikkeleg jubileumsfeiring til helga for å markera tiårsdagen. I tillegg til jam-en, kjem sjølvaste Unni Wilhelmsen laurdag, og etter henne, trubadur Karoline Taraldsøy.

– Kva skjer her på Snikkeriet i løpet av dei neste ti åra?

– Vonleg held det fram med å vera ein stad der folk samlast. Eg ønskjer vi kan satsa endå litt meir på menyar og konsept med lokalprodusert mat, i samarbeid med lokale bønder. Musikken må sjølvsagt også halda fram, smiler Kvalvågnes, før ho legg til i ein litt meir alvorleg tone:

– Eit lite hjartesukk frå meg på tampen: Vi må hugsa på at det vi dyrkar, det veks. Anten vi snakkar tv-titting eller andre ting. Eg skulle ønskja fleire ville bli flinkare til å dyrka det sosiale livet, koma seg litt meir ut. Berre ved å bruka dei lokale tilboda kan desse halda fram. Eg synest det er trist når eg ser tilbod må leggja ned av di dei ikkje blir brukte, og veit at det like godt kan skje med meg ein dag. Blir vi ikkje besøkte, er det jo eit signal vi må ta på alvor.

Etter hjartesukket er smilet til den blide gründeren sjølvsagt ikkje langt unna: 

– Éin ting skal publikummet vårt vera trygge på. Vi stengjer korkje restaurant eller konsertar sjølv om folk skulle komma til å søla litt på golvet!

Foto:

Artikkeltags