Tenorane er tilbake

Tenorane kjem atter ein gong til Kulturhuset Husnes med julekonsert, førstkommande måndag.

DEL

Det skriv kulturhuset i ei pressemelding. Tenorane er i ferd med å etablera seg som ein av landet sine fremste songtrioar. I si blanding av alvor og humor har dei skapt jubelstemning over heile landet sidan starten i 2011. Dei tre tenorane Henrik Hundsnes, Hallvar Djupvik og kvinnheringen Aasmund Kaldestad, utgjer stemmene. Med seg har dei pianist og multi-musikar Steffen Horn.

I år kjem dei med ein heilt ny konsert, regissert og koreografert av Tore Nysæther. Kva hadde vel jula vore utan songane som høyrer til? I spennet mellom «Så går vi rundt om en enebærbusk» og Bach sin «Juleoratorium», vibrerer juleforteljingane seg inn i ryggrada, og aller sterkast når musikken blir framført av pasjonerte kunstnarar som er begava med evna til å setja strengar i rørsle i mottakelege sinn.

Repertoaret spenner frå Bach til Beatles, eller frå Puccini til Prøysen, alt formidla med stor musikalitet og humør, heiter det i pressemeldinga. Og som ein liten godbit til slutt, kan vi nemna at Asmund Kaldestad har fått med seg far sin, Per Olav Kaldestad, til å skriva ein heilt ny song som blir framført i kulturhuset denne kvelden.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags