No gir Mhodzi Marimba ut eigen CD

Marimba-orkesteret fossar vidare, og no gir dei ut eigen CD. Her frå Hjartebank i Kvinnherad i oktober 2017, då dei spelte for rundt 1300 kvinnheringar i Husneshallen. (Arkivfoto).

Marimba-orkesteret fossar vidare, og no gir dei ut eigen CD. Her frå Hjartebank i Kvinnherad i oktober 2017, då dei spelte for rundt 1300 kvinnheringar i Husneshallen. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel

Marimba-bandet frå Kvinnherad Kulturskule får fleire og fleire speleoppdrag, og var nyleg på tur til England der dei lærte mange nye låtar. No gir dei også ut eigen CD.

DEL

Mhodzi Marimba har berre gjort det betre og betre sidan kulturskulelærar Maurício Weimar fekk orkesteret i gang i 2016, og det er ikkje så rart: Alle som har sett dei spela veit at bandet er eit fyrverkeri av energi og kule rytmar på scena. Og no gir dei ut eigen CD med til saman 13 låtar på. Albumet blei spelt inn på kulturskulen i november og desember, og er no i produksjon i Stavanger.

– Låtane er spelt inn «live», og dei fleste er tradisjonelle marimba-låtar frå Zimbabwe og Sør-Afrika. Dei som har vore på konsertane våre har nok høyrt mange av dei før. I tillegg har vi «marmibafisert» nokre pop-låtar. Vi lagar i første omgang 150 CD-ar, men det er enkelt å laga fleire. Vi kjem til å selja CD-en på konsertar, og om nokon vil kjøpa den kan dei berre kontakta meg eller ungdommane, reklamerer Maurício.

På CD-en bidrar også eit anna, nystarta marimba-orkester frå kulturskulen med yngre ungdommar mellom 10 og 13 år – Michero Marimba. Dei har med fire låtar. Dette orkesteret blei starta for eit halvt år sidan, og er også veldig flinke, fortel Maurício. Og kulturskulen tar gjerne imot fleire marimba-elevar. Søknadsfristen er 15. april.

Spennande speleoppdrag

Mhodzi Marimba starta med fleire lokale speleoppdrag, og under Sparebanken Vest sin Hjartebank for Kvinnherad-konsert i oktober i fjor, fekk Maurício og ungdommane spela for rundt 1300 kvinnheringar i Husneshallen. I mai i fjor blei dei plukka ut til å spela under De unges festspillforestilling i Grieghallen i Bergen, som dei første frå Kvinnherad som fekk spela på dette arrangementet. Det førte også til at dei etterpå blei inviterte til å halda workshops og spela hovudkonserten på «Bornas dag» hos Kvam kulturskule. I fjor var dei også på internasjonal marimba-camp i Sverige ilag med folk frå Island, Sverige og England, og no i slutten av mars fekk dei også høve til å dra til England og vera med på same typen camp.

– Vi var først ein dag i London, berre for at ungdommane skulle få ha det kjekt i lag før dei intense dagane med workshops begynte i Cobham på ACS International School. På campen var det ulike lærarar frå Botswana, Zimbabwe, Sverige og Uganda, som hadde med seg ulike songar som ungdommane fekk læra seg. I tillegg fekk dei spela på ein type xylofon frå Uganda, læra dans og song på ulike språk. Så no har vi eigentleg fornya heile spelelista vår, fortel Maurício.

I tillegg til workshops spelte ungdommane frå Kvinnherad konsert kvar kveld saman med dei andre gruppene, og den siste kvelden spelte dei tre konsertar for studentane på skulen der campen blei halden.

No i slutten av mars var ungdommane i Mhodzi Marimba og lærar Maurício Weimar i England på marimba-camp. Det var moro og lærerikt, og no har dei fornya heile spelelista si med nye låtar. (Foto: Privat).

No i slutten av mars var ungdommane i Mhodzi Marimba og lærar Maurício Weimar i England på marimba-camp. Det var moro og lærerikt, og no har dei fornya heile spelelista si med nye låtar. (Foto: Privat).

Meir marimba

Då Mhodzi Marimba starta opp var det svært få slike marimba-orkester i landet, men no begynner fleire og fleire å få sansen for denn typen musikk.

– Det er ei voksande rørsle. Fordelen med marimba-instrumenta er at du ikkje treng nokon forkunnskap for å begynna å spela.

Maurício vil nytta høvet til å takka alle som har leigd Mhodzi Marimba og gitt dei ulike spelejobbar.

– Turen til England var mogleg fordi vi har fått inntekt frå ulike konsertar, så tusen takk til alle som har «booka» oss. Håpet er at CD-en vi gir ut også skal gi oss meir inntekt slik at vi kan finansiera fleire turar.

Faktisk skal Mhodzi Marimba ha konsert i kulturskulesenteret onsdag kveld 2. mai, og då får dei som vil høve til å kjøpa den nye CD-en. Då skal også det yngre marimba-orkesteret, Michero Marimba, vera med.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags