Nytt gratis-tilbod på US

Av
DEL

Kvinnherad Ungdomssenter klinkar til med pianoundervisning i Musikkverkstaden kvar fredag ettermiddag.

Interesserte ungdommar i målgruppa 8. klasse og opp til fylte 18 år kan ta kontakt med Kelly Wenning for påmelding. Wenning har tidlegare vore pianolærar i kulturskulen, og er utdanna sosionom. Ho jobbar no som ungdomsleiar i ungdomssenteret på Husnes.

På bildet ser du Marte Hillestad bak pianoet saman med Wenning. Pianoet er nytt, og ein del av den store gåva på nærmare 100.000 kroner Kvinnherad Ungdomssenter fekk frå SpareBank1-stiftinga Kvinnherad for litt over eit års tid sidan. Det er kjekt å sjå at slike gåver materialiserer seg til noko handfast for ungdommane våre.

Skulle nokon vera i tvil, er tilbodet gratis, som alt anna i US.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags