Suksess med irsk musikk

Greenland Whalefishers leverte varene på pubkvelden til Peppes på Husnes laurdag kveld. Der var det smekkfullt.

Greenland Whalefishers leverte varene på pubkvelden til Peppes på Husnes laurdag kveld. Der var det smekkfullt.

DEL

Laurdag kveld var det smekkfullt på «irsk aftan» på Peppes Pizza på Husnes. Bandet Greenland Whalefishers speler ei blanding av keltisk folkemusikk og britisk 70-tals punk, og det var det mange som ville ha med seg. Bandet blei danna i Bergen i 1994, og etter meir enn to tiår med turnering rundt i heile verda, sju album, dokumentarfilm, musikk til filmen «Boondock Saints – All Saints Day» med meir, har gjengen markert seg som eitt av verdas mest kredible «keltisk punk»-band. Musikken passa godt i pubkonseptet til Peppes. Ikkje eitt bord var ledig denne laurdagskvelden, og fleire tok seg ein svingom på dansegolvet. Slikt kan drivarane av restauranten arrangera meir av, ut frå besøkstalet å dømma!

Artikkeltags