Funky, kult og humoristisk – sjekk ut Vegan Monkey Soup!

Musikkinteresserte bør sjekka ut det nye rockebandet Vegan Monkey Soup frå Kvinnherad! F.v.: Kristoffer Tufta (gitar), Joar Berg (bass), Joar Dale Landa (vokalist), Brynjar og Vegar Hellesen Tømmervik.

Musikkinteresserte bør sjekka ut det nye rockebandet Vegan Monkey Soup frå Kvinnherad! F.v.: Kristoffer Tufta (gitar), Joar Berg (bass), Joar Dale Landa (vokalist), Brynjar og Vegar Hellesen Tømmervik.

Artikkelen er over 1 år gammel

Kven eller kva er Vegan Monkey Soup, lurer du kanskje på? Svaret er eit rockeband beståande av fem unge, dyktige karar frå Halsnøy og Husnes. Til helga blir dei å sjå på UKM si fylkesmønstring.

DEL

I førre avis kunne du lesa om ungdomsbandet Cold Chase, eit ungdomsband som oppstod gjennom Kvinnherad Kulturskule. Men det er ikkje det einaste rockebandet du bør følgja med på. Vegan Monkey Soup er mykje ferskare, og blei starta opp i august, men har eldre medlemmar og har gjort seg såpass bemerka at dei òg er vidare til fylkesmønstringa i UKM no til helga. I tillegg skal dei også spela på årets OmStock-festival. Fellesnemnaren for både Cold Chase og Vegan Monkey Soup er kulturskulen og musikklærar Maurício Weimar.

Eige materiale

Som Cold Chase har også Vegan Monkey Soup fått spela inn sin første singel, «Abuse», som Kvinnheringen fekk høyra då vi stakk innom medan bandet øvde saman med lærar Maurício i Kulturskulesenteret førre veke. Låten er funky, energisk og definitivt dansbar, og vil du sjekka den ut finn du den på Spotify, Sound Cloud eller via Vegan Monkey Soup si eiga Facebook-side.

– Vi er veldig heldige som har ein lærar som Maurício, som hjelper oss med innspeling, miksing og mastring, og som heiar oss fram. Utan han hadde det neppe gått, seier dei fem karane.

Men Abuse er ikkje det einaste karane har på repertoaret. Dei har også laga ei låt til, «Dire Times», som er meir innanfor hardrock-sjangeren. Lærar Maurício meiner denne låten har veldig stort potensiale. Fram til no har Vegan Monkey Soup covra låtar av blant anna Nirvana, Red Hot Chili Peppers, Greenday og Muse, men dei synest det er spennande å no skulla visa fram sitt eige materiale.

– På fylkesmønstringa måtte vi velja éin låt å spela, og derfor vel vi Abuse. Vi trur det gir oss ein betre sjanse til å gå vidare enn om vi speler ei cover-låt, fortel bassist Joar.

Det er vokalist Joar Dale Landa som har skrive tekstane på låtane.

– Å skriva tekst er noko av det vanskelegaste med å laga ei låt, og eg er langt frå nokon lyrikar. Men eg gjer så godt eg kan, smiler han.

Som ein slags frontfigur for bandet klarar han å vera energisk på scena, og by på seg sjølv.

– Eg tenkjer det å hoppa litt rundt er mindre flaut enn å stå der i ro, rett opp og ned. Eg må jo leva meg inn i musikken. Eg synest jo det er litt småskummelt at vi no skal spela eige materiale på fylkesmønstringa, for det er nok ikkje så mange av dei vi kjenner som har sett og høyrt oss, men det blir moro òg.

Vegan Monkey Soup band musikk ungdom

Vegan Monkey Soup band musikk ungdom

Moro

Dei to Joar-ane har scene-erfaring frå tidlegare; Dale Landa som solo-artist, og Berg som bassist i rockebandet Löffelmannschaft som Kvinnheringen tidlegare har skrive om. Men det var trommis Brynjar Hellesen Tømmervik som fekk starta bandet. Han ville spela ilag med andre, og etter å ha «saumfart» terrenget fekk han med seg broren Vegar, gitarist Kristoffer Tufta og dei to Joar-ane. Vegar spelte eigentleg først trommer i kulturskulen, men skifta over til gitar, og har hatt ei fantastisk utvikling, rosar dei andre bandmedlemmane og lærar Maurício. Humor virkar å vera ein viktig del av bandet, og dei unge musikarane har god kjemi.

– Kva er det som er så moro med å spela i band, då?

– «Teamet», eller folka i bandet, utan tvil. Vi er ein god gjeng og har det veldig moro ilag både på øving og på scena. Eg storkosar meg, og det å få til noko ilag og produsera noko eige er stas, seier vokalist Joar, og dei andre nikkar.

Og blei du nysgjerrig på kva Vegan Monkey Soup har å by på etter å ha lese dette, kan du som nemnt høyra dei på fylkesmønstringa til helga. 28. april skal dei spela på GryHelge’s sitt «vårslepp» ilag med fleire andre artistar, og det blir også garantert moro å sjå dei på scena under OmStock første helga i juni.

– Vi har òg planar om å melda oss på Lambasleppet til Festidalen i år, fortel dei.

Underteikna er i alle fall ikkje i tvil om at det blir spennande å følgja med på den flinke kvintetten!

Vegan Monkey Soup band musikk ungdom

Vegan Monkey Soup band musikk ungdom

Artikkeltags