Tøff rock på Snikkeriet

Supersofa byr på drivstoff til folket. (Pressefoto).

Supersofa byr på drivstoff til folket. (Pressefoto).

Stavanger-bandet «Supersofa» er på veg til Rosendal.

DEL

Laurdag inviterer Eli Kvalvågnes på Snikkeriet til tøffe tonar igjen. Denne gongen med dei fire karane i Stavanger-bandet «Supersofa», eit band som etablerte seg i 2011, og som nyleg sleppte det første albumet sitt, «Bensin». Ifølge ei pressemelding spesialiserte bandet seg dei første åra på å spela kjende låtar. Men så meldte behovet for eigenprodusert musikk seg, og det er den som er å høyra på «Bensin». Bandet er for tida på turne med musikken sin, og laurdag er det altså stopp på Snikkeriet. I pressemeldinga vert det sitert frå nettstaden Popklikk, som meiner dette om bandet og musikken: «Rock med hår på ryggen» og «eit band som tar skikkeleg fyr». Sjølv seier bandet dette om eigen musikk: «Det blir ein konsert full av musikk med trøkk, energi og eit band som speler som om det stod om livet, men òg augeblikk med tilbakelent ro, der historiene og tekstane står i sentrum».

I alle fall er rock, pop og punk i vente i Snikkeriet på laurdag. Skal vi seia det med bandet sine ord blir det slik: «Drivstoff til folket».

Desse er med: Bård Sandnes (vokal/trommer), Tormod Eikill (gitar), Andreas Hjelle (gitar) og Tore Sværen (bass).

Artikkeltags