«Fenomenale talent: Bruk våre lokale musikarar!»

Av
DEL

MEININGARSist veke avvikla Adonis eit større brukarmøte på Radisson Blu i Bergen. Vår lokale pianist André Eide var hyra inn for opningseremonien, der han tolka «Bryllupsdag på Troldhaugen» av Edvard Grieg så det mest ikkje var «eit auga tørt», medan publikum fekk presentert ein seks minuttar lang naturfilm frå norske fjordar og fjell på storskjerm. Det gjorde eit djupt inntrykk og vart eit fenomenalt startskot for konferansen vår. Festmiddagen i Schøtstuene om kvelden, med omlag 70 gjester frå inn- og utland, vart opna av marimbagruppa i Kvinnherad kulturskule, med nokre forrykande, rytmiske xylofonnummer med opphav i Zimbabve og Sør-Afrika. Begge innslaga var på eit så høgt kunstnarleg nivå at applausen mest ingen ende ville ta! Dommen frå tilhøyrarane var einstemmig: «Fenomenalt!» Mange spurde kor i all verda me hadde fått tak i slike fantastiske musikarar. Dei vart nærast mållause då me kunne fortelja at dei var vaksne opp i småskogen langt ute på landet, berre nokre kilometer frå staden der Adonis har hatt hovudkontoret sitt i over 30 år! Og at det er Kulturskulen i Kvinnherad som skal ha ei stor ære for at desse talenta har komme fram i lyset. I mange land er slike tilbod heilt fråverande, så kulturskulen våre kan me verkeleg vera stolte av!

«Send dei til Oslo! Få dei på TV!» var beskjedane me fekk med oss. Så eg vil med dette retta ei sterk oppmoding til alle som steller med arrangement og tilstellingar av ulikt slag: Bruk desse stortalenta, få dei fram i lyset. Dei kan gleda så mange fleire om dei berre får oppdrag. Ei stor oppleving ventar på dykk! Og tusen takk til André Eide, Odin Aksnes, Ole Vasslid, Solveig Takvam Dale, Anna Skogseth, Kaia Helland Holmedal, og ikkje minst kulturskulelærar og musikkprofessor Maurício Weimar. Ingen som var med vil nokon gong gløyma opplevinga de gav oss i Bergen sist veke!

For alle i Adonis,

Camilla Emmerhoff

Dagleg leiar

Artikkeltags