Marimbaorkesteret spelar i Grieghallen i kveld

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Festspillene i Bergen er i gang – denne gongen med kvinnheringar på scenen. Elevar frå kulturskular i Hordaland er plukka ut til å halda konserten «De unges festspill» i Per Gynt-salen i Grieghallen i kveld. Dei utvalde frå Kvinnherad er det populære Marimbaorkesteret under leiing av Mauricio Weimar. Åtte ungdomar står for rytmisk og melodiøs framføring av «Traditional african songmedley».

Dei andre handplukka musikarane til konserten kjem frå kulturskular i Bergen, Lindås, Askøy, Kvam og Odda.

Artikkeltags