Hardtslåande ungdommar med ny musikk

Cold Chase øver fast i musikkjellaren til Husnes ungdomssenter, og er glade for å ha eit slikt øvingslokale. F.v. Ole Vasslid (bass), Emma A. Grønstøl (trommer), Ida Prestnes (vokal, gitar) og Odin Aksnes (gitar).

Cold Chase øver fast i musikkjellaren til Husnes ungdomssenter, og er glade for å ha eit slikt øvingslokale. F.v. Ole Vasslid (bass), Emma A. Grønstøl (trommer), Ida Prestnes (vokal, gitar) og Odin Aksnes (gitar).

Artikkelen er over 1 år gammel

Etter å ha spelt saman i fleire år går bandet Cold Chase no over frå å spela coverlåtar til å laga eigen musikk. Første singelen deira «Different Set of Minds» har allereie over 1.700 avspelingar på Spotify.

DEL

Cold Chase er eit produkt av Kvinnherad Kulturskule. Ida Prestnes (vokal, gitar) og Emma Aksnes Grønstøl (trommer) har vore med i bandet sidan starten i 2011/2012. Først hadde dei med seg Zumilana Eldi, og var eit reint jenteband, men dei hadde behov for ein bassist. Den einaste som var å oppdriva var Ole Vasslid, og dermed var ikkje bandet eit reint jenteband lenger. I starten kalla dei seg «The Awesome Four», i mangel av eit betre band-namn.

– Ei venninne av meg hadde heldigvis fleire kreative forslag til nytt band-namn, og så diskuterte vi dei i bandet og brukte eliminasjonsmetoden. Slik blei det Cold Chase, forklarer Ida.

Seinare forlét Zumilana bandet, og Odin Aksnes kom inn. Dei fire ungdommane som no er Cold Chase bur på Sunde, i Teigen, på Husnes og Kaldestad, og speler hovudsakleg rockemusikk. Ida blir snart 18, medan dei tre andre er året yngre. Dei øver saman kvar torsdag på Kulturskulesenteret, og elles på søndagar i musikkjellaren på Husnes Ungdomssenter.

Eigen musikk

Fram til ganske nyleg har dei covra kjente rockelåtar frå band som Black Sabbath, Deep Purple, Metallica og Bob Marley. Gode, gamle klassikarar, frå ei heilt anna tid.

– Det var jo på den tida dei laga skikkeleg musikk! Dei toler «tidens tann», og så er det låtar som mange kjenner til. Vi ville nå eit breitt publikum med musikken vår, forklarar Odin.

Men no har bandet begynt å produsera eigen musikk. Takka vere kulturskulelæraren deira Maurício Weimar har dei fått spela inn sin første singel «Different Set of Minds», som ligg ute på Spotify.

– Å spela inn singel var krevjande, vi brukte heile dagen på å få det til å sitja. Men det var veldig kjekt òg, fortel Emma.

– Dette blir første gongen vi presenterer oss sjølve som eit originalt band, og det er spennande, seier Ole.

Berre etter nokre dagar hadde førstesingelen deira over 1.700 avspelingar.

– Det hadde vi ikkje forventa. Det er til og med to personar i USA som har høyrt den! Vi må få forresten få retta ein stor takk til Maurício som har produsert låten for oss. Han har brukt mykje av tida si på å spela inn, miksa og mastra den, og utan han hadde det aldri gått. I tillegg er han ein fantastisk flink lærar, rosar Ole.

– Korleis laga de låten?

– Eg skreiv litt på teksten i fjor sommar, då eg var på ferie i Albania. Eg sat og såg ut av bussen, og det eg såg var ganske annleis enn her heime. Det inspirerte meg, fortel Ida.

– Vi samarbeider om låtane. Ein av oss kjem på eit gitarriff eller ein melodi, og så byggjer dei andre på. Det er songtekstane som ofte er det vanskelegaste, seier Odin.

Etter å ha spelt så lenge saman, er dei etter kvart blitt ganske så samspelte.

– Det er herleg å ha nådd det same tekniske nivået, for då er det så mykje lettare å samarbeida, legg Odin til.

No vil ungdommane jobba med å gi ut eit heilt album.

– Ja, det er målet, heilt klart, seier Ole.

Fylkesmønstring og OmStock

I fjor fekk Cold Chase ei stor oppleving, nemleg å spela på rockefestivalen OmStock på Husnes.

– Det var ein «høydare» for oss. Responsen frå publikum var veldig bra, stemninga var knall, og det var moro å få spela med skikkeleg lys- og lydanlegg. Vi høyrte etterpå at nokon som sat på Peppes måtte styrta øla sine fordi dei ville ut og høyra på oss, ler Ole.

Og bandet gjorde ein så god jobb at dei også får spela på årets OmStock.

– I fjor spelte vi i teltet på fredagen, og i år får vi spela på laurdagen, som liksom er «hovud-festivaldagen». Det gler vi oss veldig til. Og i den samanheng fortener Arve Rødland ei stor takk, som har fiksa oss spelejobben, seier Ida.

Men no er det fylkesmønstringa til UKM på Husnes helga 20. –22. april som står for tur først. Cold Chase var eitt av fem band/innslag frå Kvinnherad som gjekk vidare til fylkesfinalen.

– No når det tekniske sit ganske godt, må vi jobba meir med det visuelle, og få betre publikumskontakt. Der har vi nok litt å gå på, seier Ida.

– Blir de nervøse før konsertar?

– Nei, ikkje noko særleg. Det hjelper med sceneerfaring, og at vi er fleire på scena. Det hadde nok vore skumlare åleine. Det å øva seg på å stå framfor eit publikum hjelper i andre samanhengar òg, til dømes når du skal ha ei framføring på skulen, meiner Odin.

– Håpar de å nå heilt til landsfinalen i UKM i Trondheim?

– Det hadde jo vore utruleg kult! Vi har veldig lyst til å spela utanfor Kvinnherad. Elles kjem vi nok til å melda oss på Lambasleppet til Festidalen i år.

Musikken forblir hobby

Vi lurer på korleis ungdommane sjonglerer musikken med skule, trening og andre plikter dei har?

– Det kan bli litt mykje i periodar, men det er såpass kjekt å spela saman og ha konsertar, at det går. Det gir meistringskjensle når ei låt verkeleg sit, seier Ida.

Kor lenge bandet held saman veit dei ikkje. Til neste sommar skal Ida, som er eldst og då er ferdig med vidaregåande, sannsynlegvis flytta vekk for å gå på skule. Dei fire ungdommane trur ikkje dei kjem til å velja musikken som yrke.

– Vi har alle valt realfag på KVV, og det er nok tryggare å satsa på ei anna type utdanning enn musikken. Vi får berre nyta det medan vi har sjansen, og spela saman når vi kan. Viss det skulle ta av og vi slår gjennom, får vi heller ta det viss det kjem. Det viktigaste er å ha det kjekt i lag, smiler dei fornuftige unge musikarane.

Artikkeltags