Gunslingers tilbake til Dønhaug

Gunslingers kjem tilbake til Uskedalen. Her frå låvedansen på Dønhaug påsken 2017. (Arkivfoto).

Gunslingers kjem tilbake til Uskedalen. Her frå låvedansen på Dønhaug påsken 2017. (Arkivfoto).

Av
DEL

Det er ikkje berre Tysnesfest, countryfestivalen i Seljord og andre store festivalar som får vitjing av Gunslingers. Laurdag 25. august kjem dei til Dønhaug i Uskedalen for sjette gong for å stå for musikken. På Dønhaug har dei samla full låve kvar gong dei har vore der, skriv arrangøren i ei pressemelding.

Gunslingers har turnert i om lag 10 år rundt i Norge for utselde hus, og dei siste åra, som headliner-band for fleire av dei største festivalane i landet. I 2016 kom bandet med sitt femte album, og har mellom 20.000 og30.000 strøymingar dagleg på Spotify, noko svært få norske band kan konkurrera mot, heiter det i pressemeldinga.

Gunslingers er eit svært godt live-band med eit solid sceneshow, og passar perfekt til ein låvedans. Kvar gong Hardanger-bandet har vitja Dønhaug-låven har dei skapt stor stemning med høg allsongfaktor.

Dei tre siste åra dei har vitja Dønhaug har alle billettane vore utselde på førehand. Difor blir det ikkje lagt opp til billettsal i porten. Billettar må kjøpast på nettet.

Som vanleg vert det busstransport både til ytre- og indre-luten av kommunen etter at arrangementet er slutt.

Artikkeltags