Kammerorkesteret med minnekonsert

TIL VALEN: Sunnhordland Kammerorkester fotografert hausten 2016. (Arkivfoto).

TIL VALEN: Sunnhordland Kammerorkester fotografert hausten 2016. (Arkivfoto).

Laurdag 17. november heidrar Sunnhordland Kammerorkester sin mangeårige leiar, Eli Haugan, med konsert i Valen kyrkje.

DEL

Som kjent var Eli Haugan leiar for kammerorkesteret i mange år, dei seinaste åra i tett samarbeid med dirigent Lars Erik ter Jung. Konsertmeister Orlaug Evensen (fiolin) fortel at Eli hadde tråden i det meste, og på laurdag vil orkesteret halda konsert til minne om den kjære leiaren.

– ter Jung jobba tett med Eli og under konserten vil han fortelja litt om hennar omfattande arbeid med kammerorkesteret, opplyser Evensen.

Orkesteret har 30 musikarar og eit knippe av desse kjem frå Kvinnherad. Musikarane består av dei flinkaste strykar-elevane rundt om i Sunnhordland, musikklærarane deira, samt dei flinkaste vaksne amatørane.

– Dermed har me strykarar frå 13 år til over 70 i orkesteret, fortel Evensen.

I tillegg vil fiolinlærar ved Kvinnherad Kulturskule, Olena Pasichnyk, koma med dei eldste elevane sine – orkester tre – og delta i to musikkstykke.

– Repertoaret er svært variert for å treffa alle aldersgruppene, både i orkesteret og i publikum, fortel Evensen, og nemner «The Fox» av Ylvis, «Fairytail» av Rybak, filmmusikk samt musikk av klassiske komponistar som Haydn, Vivaldi og Sjostakovitsj.

Dagen etter konserten i Valen kyrkje, held orkesteret konsert i Stord kyrkje.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags