Etter fleire dagar med sol og lite nedbør er det skogbrannfare både austanfjells og på Vestlandet, ifølgje Meteorologisk institutt.
Meteorologisk institutt melder om lokalt stor gras- og lyngbrannfare i område der det ikkje ligg snø austanfjells.
Tilrådinga er å vere varsam med open eld då vegetasjonen lett kan ta fyr, og store område kan bli råka. Måndag låg temperaturane over 20 grader fleire stader. Varmast i landet var Gulsvik i Flå kommune, der det vart målt 22,3 grader.
Også på Vestlandet er det meldt om lokalt stor gras- og lyngbrannfare i område der det ikkje ligg snø.
(©NPK)