– Dette bør aldri sleppe gjennom politisk behandling. Her vel ein løysinga som gir mest mogleg pengar inn til staten, og størst mogleg ulempe for trafikantane, seier pressesjef Ingunn Handagard i NAF.

Statens vegvesen og Skatteetaten har greidd ut vegprising på oppdrag frå Finansdepartementet og Samferdselsdepartementet. Bakgrunnen for utgreiinga er ifølgje departementet behovet for å endre dagens system for vegbruksavgift og bompengar med noko som skal vere eit meir «berekraftig og treffsikkert system for prising av bruk av veg». I dag blir vegbruksavgifta betalt på omsetning av bensin og diesel.

Utvalet tilrår ei ny kilometerbasert vegavgift på elbil og trinnvis innføring av vegprising for tunge køyretøy. Samtidig vil alle andre bilavgifter bestå, og bompengeinnkrevjing halde fram som før, ifølgje NAF.

– Når ein ikkje gjer noko med dei andre bilavgiftene, er dette i praksis berre ein ekstraskatt for å skaffe pengar inn i statskassa, meiner Handagard.

Forslaget frå Statens vegvesen og Skatteetaten er no sendt ut på høyring og høyringsfristen er 10. februar 2023.

(©NPK)