Det gir 250 millionar kroner til fleksible og desentraliserte utdanningar i 2022.

– Det norske folket bur spreidd over heile landet. Skal vi utløysa det enorme potensialet som ligg i alle desse menneska og møta behova dei har for å læra gjennom heile livet, må vi tilby gode utdanningar der folk bur. Vi skal lansera ei reform for desentraliserte utdanningar og derfor legg vi nær 100 millionar kroner ekstra i potten til dette neste år, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) i ei pressemelding.

I den førre regjeringa sitt forslag til statsbudsjett var det 149,5 millionar kroner til fleksible og desentraliserte utdanningstilbod ved universitet og høgskular i 2022. Dei 98,8 millionane kjem altså på toppen av dette.

Vil ha tilbod ved fleire studiestader i distrikta

Fleire universitet og høgskular organiserer i dag utdanning andre stader enn på hovudcampusane sine. Slike tilbod vil regjeringa ha fleire av.

– I dag er den norske snittstudenten 29 år gammal. Det betyr at mange treng eit utdanningstilbod som er tilpassa eit kvardagsliv med jobb og familie. Ved å legga til rette for gode utdanningstilbod i heile landet sikrar vi at også offentlege og private verksemder i distrikta får den kompetansen dei treng, seier Moe.