«Når minstebarnet vaknar med eit skrik, hunden gøymer seg, hjarta til småfuglen stoppar og gamle traume dukkar fram or minnet, då bør me skjøna at noko er gale»

Av
DEL

MEININGARMe skriv 2020 og det nærmar seg 17. mai. Koronatilpassing vil setja preg på dagen, gjera den litt annleis. I denne spesielle situasjonen har lokale ansvarlege sete på gjerdet i påvente av siste utspel frå regjering og departement.

Likevel, ingenting er så gale at det ikkje er godt for noko, seiest det. I vanskelege tider har kreativiteten ofte gode kår. Vanskar utløyser næring til nytenking. Eit forgylt høve dukkar opp. Tidspunktet er godt for å gjera brigde, retta opp i gamle feil og erstatta uheldige bindingar. Men som me alle burde vita, når noko forgår, då oppstår det tomrom, og naturlovene tilseier at tomrom skal fyllast. Derfor vil eg opna opp for meir vakker musikk til erstatning for skremmande ulyd.

Våren er ei fantastisk tid. Nytt liv spring fram frå knopp og frø. Utav svevn vaknar gras og blom, småkryp og større levande. Pattedyr ynglar og fuglane byggjer reir. I mai ligg mange på egg, eller passar på dei nyklekte fjørlause. Og her er me framme ved poenget:

Midt i den mest sårbare tida, den tida me alle skulle ha brukt til å feira livet sitt potensial, tida for fridomskjensle og forløysing av utkvild kraft, nett då kjem SMELLET, lyden av krig!

Krigshandlingar har me faktisk nok av rundt omkring på kloden. Miljøet, naturen og fredsdagen vår spesielt, burde vore skåna for all slik lydureining. Når minstebarnet vaknar med eit skrik, hunden gøymer seg, hjarta til småfuglen stoppar og gamle traumer dukkar fram or minnet, då bør me skjøna at noko er gale.

Eg vender meg derfor til alle komiteane for nasjonaldagen vår, men også til politikarane, som kan leggja gode føringar.

Oppfordringa er: BLI KVITT 17. MAI-SALUTTEN NO!

Knut Johan Nerhus

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags