Omsetninga i selskapet har nesten tredobla seg det siste året – no må dei jakta fleire folk

TRAVLE: Atle Falk og Egil Fallmyr er to svært travle karar. Det siste året har aktiviteten og omsetninga tredobla seg i selskapet. – Godt utførte jobbar over tid betalar seg, forsikrar leiarduoen i Multi Solutions.

TRAVLE: Atle Falk og Egil Fallmyr er to svært travle karar. Det siste året har aktiviteten og omsetninga tredobla seg i selskapet. – Godt utførte jobbar over tid betalar seg, forsikrar leiarduoen i Multi Solutions.

Av

Medan me sit på kontoret til Multi Solutions i Uskedalen, vert kjemikaliar og utstyr som skal til Tallinn lasta på ein trailer. Samstundes legg Egil Fallmyr og Atle Falk dei siste planane for den komande reisa til Qatar.

DEL

Tallinn er ikkje noko problem. Qatar er ei utfordring. Normalt ville dei fått utstyr inn frå Dubai, men dei er ikkje godkjende av styresmaktene i landet som nyleg arrangerte VM i friidrett, og skal ha heile fotballverda på vitjing om tre år.

– Difor må me ordna med leveransar frå Singapore. Det er eit puslespel, men forhåpentlegvis er alt me treng på plass når me kjem ned om tre, fire dagar, seier Fallmyr.

Saman med Morten Harsvik etablerte han selskapet for fem år sidan, der starten var tøff, fortsetjinga beinhard og der det for alvor har teke av det siste året.

Ikkje til å tru

Medan det er reiarlaget Utkilen frå Bergen som skal ha hjelp i samband med dokking i Estland, er det franske Bourbon Offshore som har bede om assistanse i Qatar. Det er i første omgang snakk om eitt skip som skal ha reingjort kjølesystemet. Men avtalen sikrar dei i alle fall to-tre skip, og det ligg inne ein opsjon på ytterlegare åtte.

– Veldig spennande. Men mykje er gjort når me først får kome ned og vist kor godt det fungerer. Når me presenterer rapportar og bilete av før og etter, er det mest vanskeleg å tru at forvandlinga er sann. Men når dei ser det der og då, blir det mest alltid meir jobb på oss, smiler Fallmyr, før Falk held fram:

– Dette er jo ein nisjemarknad, der Multi Solutions har det beste produktet for reingjering av bokskjølarar. Arbeid som i all hovudsak handlar om å fjerna sjøgroe. I tillegg har me utvikla ein prosedyre for ny «coating» på kjølarar til skip, i samarbeid med eit tysk selskap. Det er som ein glasur på utsida, som gjer at me hjelper kundane våre med å fornya levetida til kjølesystema. Heile operasjonen vert utført ute på verftet. Eit tilbod me er heilt åleine om. At me har implementert FN sine berekraftsmål i arbeidet vårt, er også noko kundane våre ser særs positivt på.

Fallmyr og Falk fortel at suksessen det siste året handlar mykje om at dei er ekstremt operasjonelle, flinke til å løysa problema der og då, og har fått på plass logistikkpartnarar som òg har nettverk. I tillegg til at dei sjølve har fått god erfaring med å frakta utstyr, kjemikaliar og folk over heile verda.

God hjelp frå Westcon

– Me har rett og slett vorte meir effektive, og teke steget frå berre å vera ein servicepartnar som gjorde reingjering av kjølesystem, til at me i dag kan levera komplette kjøleløysingar. Me bygger rett og slett heile operasjonen kring våre eigne produkt.

Heilt frå start av har Westcon i Ølensvåg vore til svært stor hjelp for Multi Solutions.

– Me har fått testa ut veldig mange produkt og arbeidsmetodar, og fått ærlege svar heile vegen. Utan dei hadde me nok ikkje vore der me er i dag. Westcon er i tillegg ein kunde som kjøper miljøvenlege reingjeringsprodukt frå oss, seier Fallmyr.

Der kunden er

Det er i prinsippet ikkje grenser for kva felt ein kan bruka produkta på. Så langt har det vore naturleg å satsa på den maritime industrien. DOF, Siem, Solstad og Eidesvik er typiske kundar. Norske reiarlag med stor aksjonsradius.

– Dei er meir eller mindre over heile verda, og når skipa går i dokk, om det er på Las Palmas, i Italia, Danmark, Brasil eller Singapore, då forventar dei også at me skal vera klare til å gjere vår del av jobben. Og det er me, smiler Falk, og held fram:

– Me har nett fått ein avtale med Atlantic Towing, som er eigd av den canadiske giganten J. D Irving. Og ein femårig rammeavtale med Svitzer om reingjering av flåten med slepebåtar i Asia. Dei har danske Maersk som eigarar. Me et oss inn på nye marknadar kontinuerleg. Godt utførte jobbar betalar seg. Og så er me vel vitande om at det alltid er den siste jobben du vert målt på.

Treng fleire folk

Det er ikkje lenge sidan Multi Solutions flytta frå Husnes til Børnes.

– Fasilitetane er bra, og her kan me veksa vidare. Det er også spennande å vera i eit miljø der me kan laga litt butikk på kryss og tvers mellom gode naboar, seier dei to energibuntane.

Dei har tilsett to operasjonelle karar dette året, og får god støtte i selskapa dei eig halvparten av både i Singapore og Perth, Australia. Det neste no er få styrkt administrasjonen.

– Omsetninga totalt i selskapet har mest tredobla seg det siste året. No må me på jakt etter dyktige administrasjonsfolk, gjerne med store nettverk, og som samstundes har ein del systemerfaring, seier leiarduoen i Multi Solutions.

Artikkeltags