– Snart treng vi mange nye på Hydro, iallfall 100 personar

TRIVST I NY JOBB: Karoline Nilsen (25) har akkurat flytta til Kvinnherad, og jobbar no på Hydro. Her ønskjer ho å bli verande. Med seg på stand hadde ho lærling Even Fagertveit (19) og personalmedarbeidar Beate Sundsteigen.

TRIVST I NY JOBB: Karoline Nilsen (25) har akkurat flytta til Kvinnherad, og jobbar no på Hydro. Her ønskjer ho å bli verande. Med seg på stand hadde ho lærling Even Fagertveit (19) og personalmedarbeidar Beate Sundsteigen. Foto:

Å arrangera næringsdag på Husnes Storsenter var nok ingen dum idé. Berre éin time etter den opna torsdag fylte det seg godt opp med folk.

DEL

Mai Beate Brakstad (16) og Rebekka Røen (16) går begge på Kvinnherad vidaregåande, og hadde tatt turen på næringsdagen på Husnes Storsenter torsdag. Sidan det ikkje blei noko av yrkesmessa i Husneshallen i år, gjekk Kvinnherad Næringsservice (KNS), Opplæringskontoret i Kvinnherad, KVV og Kvinnheringen saman om å laga eit eige arrangement.

– Vi har vore på messe i hallen ved skulen før, men det er meir folk her, seier dei to jentene.

Brakstad går service og samferdsel, og skulle sjølv stå på stand for KVV denne dagen. Det gledde ho seg til. Røen derimot, går helse og sosial, og skulle berre rundt å kikka. Elevane var godt i gang med ein quiz, og hadde allereie vore rundt på ulike stands for å sjå kva dei lokale bedriftene har å by på.

­– Det var veldig kjekt på standen til Kvinnherad kommune med sjukepleiarane! Der fekk vi sjekka blodtrykk og blodsukker. Så det var kult, sa Røen, som anten vil bli sjukepleiar eller lærar.

SPENNANDE: Mai Beate Brakstad (16) og Rebekka Røen (16) går begge på KVV, og syntest det var kjekt med ein næringsdag på senteret. Men dei sakna all aktiviteten som plar vera under yrkesmessa i Husneshallen.

SPENNANDE: Mai Beate Brakstad (16) og Rebekka Røen (16) går begge på KVV, og syntest det var kjekt med ein næringsdag på senteret. Men dei sakna all aktiviteten som plar vera under yrkesmessa i Husneshallen. Foto:

Vi sende direkte frå næringsdagen på storsenteret – høyr intervju med bedrifter og personar (+)

Vil bli verande i Kvinnherad

Ved Hydro sin stand sat det ein nytilflytta austlending, som skulle selja inn bedrifta til dei besøkande. Karoline Nilsen (25) er prosessingeniør og har akkurat flytta til Kvinnherad. Ho fortalde at ho trivst.

– Det er kjekke folk og ein variert arbeidsdag. Så blir det jo ekstra spennande når dei skal opna b-hallen! meinte Nilsen, som håpar at ho blir verande i kommunen.

Saman med seg på stand hadde ho 19-åringen Even Fagertveit, som er lærling som prosessoperatør hos Hydro, og personalmedarbeider, Beate Sundsteigen. Dei tre synest det er viktig med ein slik næringsdag for å nå ut til folk, og spesielt dei unge.

– Vi treng veldig mange nye på Hydro Husnes snart, i alle fall 100 personar, kunne Sundsteigen røpa.

Nøgd med dagen

Kristine Røyrvik ved KNS var med på å arrangera næringsdagen, og var strålande nøgd med resultatet. Heile 27 Kvinnherad-bedrifter var med.

– Bedriftene har vore utruleg positive og «på» sjølve. Så langt står det veldig til forventningane. Det er mykje elevar som kjem innom og pratar med bedriftene og stiller spørsmål, sa Røyrvik då Kvinnheringen var på senteret ved lunsjtider.

Ho fortalde at målet med dagen var at bedriftene skulle få profilert seg, og at ungdommar og mange andre skulle få bli kjent med næringslivet i kommunen.

NØGD: Kristine Røyrvik ved Kvinnherad Næringsservice var strålande nøgd med resultatet av den heilt nye næringsdagen på storsenteret.

NØGD: Kristine Røyrvik ved Kvinnherad Næringsservice var strålande nøgd med resultatet av den heilt nye næringsdagen på storsenteret. Foto:

Artikkeltags