– Vi blir sterkare, meir optimistiske og meir villige til å satsa

Senterleiar Geir Jakobsen gler seg over Hydro-satsinga som han meiner betyr mykje for heile samfunnet.

Senterleiar Geir Jakobsen gler seg over Hydro-satsinga som han meiner betyr mykje for heile samfunnet. Foto:

Dette seier ein optimistisk Geir Jakobsen på Husnes Storsenter.

DEL

Det er ein blid, opplagd og glad Geir Jakobsen som møter oss for å snakka om notida og framtida. Utgangspunktet for praten er kva han trur ei dobling av produksjonen og 90 nye arbeidsplassar ved Hydro Husnes vil få å bety for det indre livet i Husnes Storsenter.

– Hydro si satsing betyr mykje for mange. Ikkje minst for optimismen i heile samfunnet, det å våga litt meir.


Fleire butikkar

Jakobsen ser fleire positive verknader for Husnes Storsenter.

– 90 nye og sikre arbeidsplassar på Husnes betyr utan tvil meir handel hos oss. Det gjer oss sterkare, meir optimistiske og meir villige til å satsa, seier han.

Han peikar også på at slik positiv utvikling betyr svært mykje for kor attraktivt Husnes Storsenter er å etablera seg i for nye butikkar.

– Når butikkar vurderer etablering her, er noko av det første dei spør om korleis situasjonen i samfunnet rundt oss er. Det som skjer hos Hydro no skapar vekst og optimisme og kan derfor bli verdfullt på fleire måtar, hevdar Jakobsen.

– Er det nyetableringar på gang no?

– I mål er vi ikkje, men komne så langt at eg kan seia at vi truleg får ein ny møbelbutikk frampå vårparten. Så får vi sjå etter kvart kva vi elles kan få til, seier senterleiaren optimistisk.


Netthandel

Vi spør senterleiaren om han trur den aukande netthandelen, på den andre sida, kan få negative følgjer for handelen i Husnes Storsenter.

– Tidlegare såg eg på netthandel som eit uhandterleg spøkelse som kunne trua oss, men eg ser lysare på det no. Netthandelen er komen for å bli, og i alle fall det faktumet at kundane orienterer seg på nettet før noko blir kjøpt. Spørsmålet er berre korleis vi på beste måten kan møta dette, seier han og trekkjer pusten før han held fram.

– Løysinga for oss er at kvar av butikkane opprettar sin eigen nettbutikk, eller i alle fall ein nettstad, i tillegg til den vanlege butikken. Ein stad der kundane kan gå inn og sjå kva som finst lokalt, for deretter å bestilla det i nettbutikken, eventuelt gå rett til butikken i storsenteret for å få vara med seg med det same.

– Får du butikkane med deg på denne tankegangen?

– Der ligg det heilt klart ei utfordring. Mange vil helst driva på same måten som før. Det kan sjølvsagt gå bra ei stund, men personleg tvilar eg på at det går i lengda. Framtida er butikk + nett. Butikkar som ikkje er villige til å vurdera det, vil nok slita mest, trur Jakobsen.


Miljøbevisst ungdom

– Unge folk er den gruppa som først tyr til nettet, sjølv om eldre kjem meir og meir etter. Ikkje alle ungdomar tenkjer over konsekvensane av ikkje å handla lokalt, men dei er gjerne miljøbevisste. Det å få sendt ein pakke frå eksempelvis Kina, som skjer rett som det er når ein bestiller noko på ein ikkje-lokal nettbutikk, er på ingen måte miljøvenleg. Derfor trur eg vi kan fanga opp mange med gode nettbutikkar og nettstader som fortel kva som kan kjøpast lokalt, tenkjer Jakobsen.

Han kjem òg innpå temaet tempo.

– Folk i dag blir meir og meir utolmodige. Å venta på noko kan lett bli ein frustrasjon ein prøver å unngå. Dette kan lokale butikkar møta med gode og informative nettbutikkar eller nettstader. Dei mest utolmodige kan då gå rett til den lokale butikken å kjøpa vara der og då.

– Kva med prisane, det er ofte billegare på nett?

– Eg er overbevist om at prisane kjem til å jamna seg ut etter kvart som nettsal aukar i omfang, også i høve til andre land. Den utviklinga er alt komen eit godt stykke på veg.


Mest over disk

Senterleiar Jakobsen trekkjer fram tal som slett ikkje er ille for tradisjonelle butikkar. Ferske statistikkar viser at berre sju prosent av den totale handelen går føre seg på nettet. Resten skjer over disk.

– Statistikken viser også at 80 prosent av dei som handlar i tradisjonelle butikkar har orientert seg på nettet i forkant, noko som er det aller beste argumentet for å hevda at lokale butikkar bør ta i bruk internett i tillegg til den vanlege utsalsstaden sin, meiner Jakobsen.

Han har meir statistikk å visa til, tal som fortel at 82 prosent av alle kvinnheringar i snitt er innom Husnes Storsenter éin gong i månaden.

– Ikkje verst det, men målet er sjølvsagt at kundane skal koma endå oftare, og at vi i større grad greier å tiltrekkja oss kundar frå andre område.

– Korleis får de det til?

– Vi skal i alle fall utvikla storsenteret til å bli ein kjekk plass å koma til – anten ein kjøper noko eller ikkje. Storsenteret skal vera ein heilt naturleg møteplass der alle kjenner seg velkomne. Huset er faktisk sentrum på Husnes, noko vi tar på stort alvor.

Artikkeltags