«Sal av KE sin nettdel – store innsparingar på nettleiga for næringslivet?»

Av
DEL

MEININGARDet har den siste tida vore mange lesarinnlegg i lokalavisene om kor store innsparingar det skulle bli i nettleiga for næringslivet ved eit sal av nettdelen i KE til BKK eller HK. Dette har òg vorte brukt som eit viktig argument for å få til ny etablering av næringsverksemd i kommunen vår, og sikra eksistensen til eksisterande næringsliv.

Kor mykje vil vi spara?

Eidsvik Eigedom AS hadde i 2018 eit forbruk på 1.006.024 kWh og ei gjennomsnittleg effektmåling per månad på 233 kW. Eidsvik Eigedom har effektmålt anlegg. Basert på 2019-prisar frå KE, BKK og HK for eit forbruk på 1.000.000 kWh i året, vil årleg innsparing på nettleiga for Eidsvik Eigedom vera:

Ved BKK tariff ca. kr. 23.000,-

Ved HK tariff ca. kr. 7.000,-

Totalkostnad for nett og kraft for 2018 var kroner 703.000, eks mva. Eg har ikkje fått kvalitetssikra tala med BKK og HK, men dette gjev ein indikasjon på vår innsparing i nettleiga med 2019-tariffar tilgjengelege per i dag. Har vi tid til å stoppa opp litt og snakka med næringslivet i Kvinnherad om reelle innsparingar ved eit sal av nettdelen ?

BKK og HK er gode og seriøse aktørar. Omsynet til dei tilsette og framtidige moglegheiter er sjølvsagt andre viktige faktorar som ein må ta med i vurderingane om sal eller ikkje sal.

Som ein forholdsvis stor straumforbrukar synest eg vi og andre kundar har krav på litt meir fakta om framtidige innsparingar i nettleiga.

for Eidsvik Eigedom AS

Svein Arne Eidsvik

Uskedalen 22.05.19

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags