– Aller viktigast er det at kommunen vert knytt betre saman

Næringssjef Silvia Tofte trur at det vil bli betre flyt i arbeidsmarknaden med gratis tunnel. – Kommunen blir betre knytt saman, sjølv om vi er ein utkant, meiner ho. (Arkivfoto).

Næringssjef Silvia Tofte trur at det vil bli betre flyt i arbeidsmarknaden med gratis tunnel. – Kommunen blir betre knytt saman, sjølv om vi er ein utkant, meiner ho. (Arkivfoto).

Næringssjef Silvia Tofte trur gratis tunnel vil gi betre flyt i arbeidsmarknaden og påverka økonomien positivt både for private og bedrifter.

DEL

Silvia Tofte, næringssjef i Kvinnherad Næringsservice i permisjon, synest vedtaket frå regjeringa om å fjerna bompengestasjonen ved Halsnøytunnelen er fantastisk.

– Dette vil gi betre flyt i arbeidsmarknaden og påverka økonomien positivt både for private og bedrifter. Aller viktigast er det at kommunen vert knytt betre saman. Kvinnherad er ein utkant anten vi vil eller ikkje, og det at vi snart kan køyra saumfritt internt i kommunen er ein grunnstein for å jobba godt saman.

– Er du redd for større biltrafikk over øya?

– Til det vil eg seia at det må setjast fart i arbeidet med utbetringar av vegane. Politikarane satsar veldig på Kvinnheradpakken, derfor trur eg at det går i orden.

– Er det ikkje betre at ferja vert flytta til Sunde?

– Kortast mogleg reisetid er det beste. I mellomtida oppmodar vi bilistane til å køyra etter tilhøva, meiner Tofte.

Artikkeltags