Inviterer til «kick-off» for næringslivet

FØREDRAG: Marco Elsafadi skal halda føredrag i kinosalen på Husnes. Det er gratis og ope for alle, men ønskjer du å delta må du melda deg på! Foto: Per stian johnsen

FØREDRAG: Marco Elsafadi skal halda føredrag i kinosalen på Husnes. Det er gratis og ope for alle, men ønskjer du å delta må du melda deg på! Foto: Per stian johnsen

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Kvinnherad Næringsservice og Sparebank 1 SR-bank lagar i samarbeid til årets store «happening» for næringslivet i Kvinnherad torsdag 27. august.

DEL

Bedrifter som ønskjer å vera med må melda seg på. Dei startar med mingling og quiz i lokala til Kvinnherad Næringsservice denne ettermiddagen, og avsluttar kvelden med festmiddag på Gry Helges.

Sparebank 1 SR-bank har også invitert ein spennande føredragshaldar til kinosalen i Kulturhuset Husnes – Marco Elsafadi. Han var tidlegare landslagsspelar i basketball, og har stifta organisasjonen «New Page» som blant anna jobbar med vanskelegstilt ungdom, rusproblematikk, skuleskulk, fritidsproblem og vald. Elsafadi er ein anerkjent føredragshaldar, og kjem til Husnes for å snakka om korleis ein kan oppnå arbeidsglede og trivsel også i situasjonar der bedrifter er i stor endring. Føredraget i kulturhuset er ein del av opplegget bedriftene skal vera med på, men det er også gratis og ope for alle andre som ønskjer å høyra på.

– Folk kan kontakta oss eller SR-bank for å delta på føredraget, og det er god plass i kinosalen, seier Emma-Kristin Ringheim Reigstad i Kvinnherad Næringsservice. Bakgrunnen for denne dagen er at næringslivet ønskjer å møtast for å knyta kontakt som kan føra til vidare samarbeid, og samtidig få ny inspirasjon. Alle bedrifter er velkomne til denne «kick-off»-samlinga, både medlemsbedriftene til Kvinnherad Næringsservice, og dei som ikkje er medlem. Det er framleis nokre ledige plasser, og her er det førstemann til mølla som gjeld.

Artikkeltags