Næringsseminar blei suksess

Næringslivet samla: 110 påmeldte fekk med seg den første delen av næringslivsseminaret i Festsalen i Kulturhuset, der Ina Stølen i Brandity, Dag Sandstå i Tysnes Sparebank og Oddvar Hårde i Zpirit snakka om merkevarebygging.

Næringslivet samla: 110 påmeldte fekk med seg den første delen av næringslivsseminaret i Festsalen i Kulturhuset, der Ina Stølen i Brandity, Dag Sandstå i Tysnes Sparebank og Oddvar Hårde i Zpirit snakka om merkevarebygging.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Tysdag arrangerte Kvinnherad Energi og Kvinnherad Breiband eit gratis næringslivsseminar i samarbeid med Kvinnherad Næringsservice med merkevarebygging som tema.

DEL

Første delen var i Festsalen i Kulturhuset Husnes, der 110 personar hadde meldt seg på. Her heldt Ina Stølen i Brandity, Dag Sandstå, banksjef i Tysnes sparebank og Oddvar Hårde frå reklamebyråat Zpirit, føredrag.

På ettermiddagen blei seminaret flytta inn i kinosalen, der tidlegare landslagskeeper Erik Thorstvedt var leigd inn til å halda føredrag. Denne delen var open for alle. Thorstvedt kunne avsløra at han hadde konferert med husnesing Asbjørn Slettemark, som råda han til å skryta av Matti Røssland, og understreka at Husnes er det naturlege handelssenteret i kommunen, for å varma opp publikum.

Han brukte mange døme frå fotballen og eigen karriere for å understreka poenga sine. Føredraget blei aldri keisamt, Thorstvedt hadde humor og sjølvironi og viste også filmklipp innimellom.

– De synest sikkert det er rart at ein keeper skal snakka om lagspel? Men sjølv om eg stod bak i mål var eg ein del av eit fellesskap, og det å ha ei stamme trur eg er viktig for at vi skal kjenna oss verdifulle, sa Thorstvedt.

Les heile saka i papiravisa på måndag.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags