Kvinnelege leiarar kom med innspel

Dei kvinnelege leiarane kom med mange gode innspel i løpet av møtet. (Foto: Privat).

Dei kvinnelege leiarane kom med mange gode innspel i løpet av møtet. (Foto: Privat).

Artikkelen er over 1 år gammel

Førre veke var eit utval av dyktige kvinnelege leiarar samla til ein kreativ prosess rundt arbeidet med strategisk næringsplan.

DEL

Torsdag 21. februar hadde Silvia Tofte teke initiativ til eit møte mellom kvinnelege leiarar for å diskutera strategisk næringsplan. Næringsplanen heng saman med kommuneplanen, som også er under rullering.

– Planprogrammet er no godkjent i formannskapet og ligg ute til høyring. I denne samanheng var det ynskjeleg å prøva ei ny samansetning frå næringslivet i Kvinnherad, og då med tanke på å få med dei som kanskje ikkje til vanleg deltar i slike fora. Det var nokre som ikkje kunne delta denne dagen, men det var veldig kjekt at så mange prioriterte dette i ein elles travel kvardag, seier prosjektleiar Silvia Tofte som inviterte til møtet.

Desse var med på møtet. F.v. initiativtakar og prosjektleiar Silvia Tofte, Una Kolle, Gunnhild Nilsen Hillestad, Marit Bakke, Marianne Nordhus, Synnøve Handeland, Monica Flagtvedt, Siren Simonnes, Bente Marie Sjo, Linda Øen, Caroline Steine og Turid Lande Solheim. Laila H. Langesæter var også til stades, men er ikkje med på bildet. (Foto: Privat).

Kvinnene fekk diskutert behov og moglegheiter kring næringsutvikling, korleis Kvinnherad skal bli ein attraktiv, frisk og «grøn» kommune, turisme, kultur og mykje meir.

Tofte legg til at det vil bli mange sjansar til å komma med innspel til næringsplanen utover våren, og at det også vil bli lagt opp til fleire kreative prosessar både for politikarar og aktørar frå næringslivet.

– Resultatet vert tatt med vidare til andre i planarbeidet og tatt fram i andre prosessar, slik at det vil vera mogleg for andre å også komma med innspel og videreutvikla ideane som til no har kome på bordet.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken