Næringsministeren om hamstring: – Kan gå utover dei svakaste i samfunnet

Næringsminister Iselin Nybø ber folk unngå hamstring av varer. Ho maner til solidaritet for dei svakaste i samfunnet.Foto: Audun Braastad / NTB scanpix / NPK

Næringsminister Iselin Nybø ber folk unngå hamstring av varer. Ho maner til solidaritet for dei svakaste i samfunnet.Foto: Audun Braastad / NTB scanpix / NPK

Av

I eit facebookinnlegg fredag morgon ber næringsminister Iselin Nybø folk slutte å hamstre mat i butikkane. Ho maner til solidaritet for dei svakaste i samfunnet.

DEL


I Facebook-innlegget viser ho fram sitt eige kjøleskap og skriv at det ikkje er nokon fare for at butikkane skal gå tomme for mat.

– Det blir fortløpande jobba med å fylle opp butikkhyllene, der det tidvis har vore tomt. Folk treng ikkje å bli uroa over nokon tomme butikkhyller, og eg vil oppmode alle til å handle som vanleg. Det er nok mat til alle, skriv næringsminister Iselin Nybø (V), som er ansvarleg for matvareforsyninga, i ein e-post til NTB.

Nybø er sjølv i karantene etter ei reise med kongefamilien i Jordan i byrjinga av mars.

Ho oppmodar til å vise solidaritet med dei som ikkje har moglegheita til å handle midt på dagen og i store kvantum.

– Held vi fram å hamstre, kan dette gå utover dei svakaste i samfunnet. Viss alle handlar som vanleg, går dette veldig bra, seier Nybø,

Ho minner òg om at lange køar kan føre til uheldig smittespreiing.

Fleire butikkar melde torsdag om hamstring av varer. Det førte mellom anna til at dei tre store daglegvaregigantane Rema 1000, Norgesgruppen og Coop gjekk ut med ei felles oppfordring til kundane.

«Hamstring er unødvendig og kan skape utfordringer. Om alle handler som normalt, er det nok varer til alle», skreiv dei i oppmodinga torsdag.

(©NPK)

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken