– Ver tøffe nok til å seia nei

STERK HISTORIE: Claus Lundekvam fortalde sterkt om store høgder i fotballkarrieren, til dei djupaste avgrunnane i rushelvetet. I bakgrunnen ser vi politimann Are Uppheim og SLT-koordinator Heidi B. Jakobsen.

STERK HISTORIE: Claus Lundekvam fortalde sterkt om store høgder i fotballkarrieren, til dei djupaste avgrunnane i rushelvetet. I bakgrunnen ser vi politimann Are Uppheim og SLT-koordinator Heidi B. Jakobsen. Foto:

Tidlegare fotballproff Claus Lundekvam fortalde fotball- og rushistoria si for ein fullsett kinosal i Halsnøy samfunnshus onsdag kveld.

DEL

Det tar litt tid å oppsummera ei såpass eineståande og lang fotballkarriere som Claus Lundekvam (46) kan visa til. Men kontrasten vart desto sterkare då han kom fram til rushelvetet han hamna i, då over 400 kampar i Premier League for Southampton var over.

Lions Club Halsnøy hadde invitert elevar og foreldre ved Øyatun skule til narkotikaseminar, der Lundekvam var hovudtrekkplaster. I tillegg deltok Are Uppheim frå Kvinnherad lensmannskontor, SLT-koordinator Heidi B. Jakobsen og kommunen sine to ungdomslosar. President i Lions Club Halsnøy, Harald Særsten, leia kvelden der Lundekvam si historie var sentral, og det var denne delen Kvinnheringen fekk med seg.


Fin oppvekst

Lundekvam fortalde om ein trygg oppvekst på Selbjørn i Austevoll. Der tok han gjerne katten med seg under armen eit stykke frå huset, for så å kappspringa med katten heim igjen. Lundekvam viste tidleg eit fotballtalent, og frå lokalfotballen i Austevoll, gjekk han vidare til Brann, U-landslaget, A-landslaget og Southampton. Der spelte han 12 år i Premier League med eit massivt prestasjonspress dag ut og dag inn.

– Eg levde i boble, og det var ei stor psykisk og fysisk påkjenning å vera 100 prosent klar til kvar kamp. Men det var ei fantastisk rik tid, fortalde Lundekvam.

Det sterke konkurranseinstinktet og prestasjonspresset gjorde at han ikkje festa unormalt mykje før karrieren var over. Men etter avskjedskampen, då Lundekvam var 35 år, gjekk det fort nedover.

– Mindre enn eitt år etter testemonial-kampen, vakna eg kvar dag i sveitte, og drakk eit mjølkeglas vodka for å koma på beina, fortalde Lundekvam til eit konsentrert, lyttande publikum.

Saknet av adrenalinkicket på fotballbanen og fellesskapet med lagkameratane, vart erstatta av alkohol, pillar og narkotika.

– Eg hadde alt. Fantastisk kone, to flotte døtrer, digert hus, leilegheit i Bergen, tre bilar og mange pengar. Men så gjorde eg ein del dårlege val, og alt eg engasjerte meg i innebar festing og rus.

Helgefestinga vart utvida, og til slutt var det rusing kvar dag, med stadig sterkare dosar og etter kvart mykje kokain.

– Wow, tenkte eg då eg starta med kokain. Endeleg har eg funne noko som gir meg energi og velvære. Fy faen så feil eg tok!

TEMMELEG FULLT: Det var ikkje mange ledige seter i kinosalen i Halsnøy samfunnshus då Claus Lundekvam fortalde historia si.

TEMMELEG FULLT: Det var ikkje mange ledige seter i kinosalen i Halsnøy samfunnshus då Claus Lundekvam fortalde historia si. Foto:

Liv eller død

Det enda med at det å rusa seg betydde alt, og etter kvart stod det om liv eller død.

– Eg vart paranoid, deprimert og psykotisk. Det var inn og ut av avrusingsklinikkar, tvangsinnlegging og pumping.

Det enda med hjartestans i ein ambulanse.

– 20 timar etter vakna eg på eit sjukehus og hugsa ingenting. Legen sa eg kom til å døy neste gong om eg ikkje kutta ut rusen, men det einaste eg tenkte på var å få tak i stoff. Seks timar seinare var eg skyhøg på kokain og drita full.

Så fortalde Lundekvam kva som til slutt – etter fleire tilbakefall – har gjort at han no har vore rusfri i fire år.

– Eg braut ned stoltheten og innrømte for meg sjølv at eg er rusavhengig. Det sat langt inne. Så fann eg tårene, og grein mykje. Det gav meg håp. Saman med døtrene mine grein eg i timevis. Eg ville jo at dei skulle ha ein pappa i live. Men eg har ingen fasit på korleis ein skal klara å bli rusfri. Etter kvart har eg fått ein meiningsfull kvardag med jobb i psykiatrien der eg hjelper andre som slit.


Kvardagen viktigast

Lundekvam er framleis stolt over fotballkarrieren, men no er det dei små daglegdagse tinga i det rusfrie livet som er viktigast for han.

Til slutt var det ope for spørsmål frå salen. Dei svinga frå korleis det var å skåra mål nummer 1.000 for landslaget, til spørsmål om narkotikamisbruk.

– Kva er det du veit no som du skulle visst før du begynte med stoff? spurde ei jente.

– Kor totalt øydeleggjande det er. Det er ingenting godt som kjem ut av det. Punktum!

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags