17. mai byr på mange flotte bildemotiv av festkledde barn og vaksne – kanskje til og med kjæledyret får på seg sløyfe?

Tog, norske flagg, leikar, god mat og drikke er andre stikkord. Knips i veg og send bilde til oss, så blir du med i trekninga av eit gåvekort på 3.000 kroner! Vi vil dela bilda i bildeseriar på nettavisa utover nasjonaldagen, og håpar å få med bilde frå flest mogleg bygder i kommunen. Nokre av bilda kan også bli brukte i avisa på fredag.

Hugs å skriva kva vi ser på bilda, kor det er teke, namn på personar og namn på fotografen.

Vi håpar alle får ei flott feiring! Hipp hipp hurra for 17. mai!

Bildene kan du senda til redaksjon@kvinnheringen.no.