Laurdag var det tid for den årvisse Nattcupen i regi av KRIK Husnes. Kyrkjelydssekretær Jan-Ove Fagerheim opplyste at 150 ungdomar (100 gutar og 50 jenter), fordelte på 27 lag, deltok i innebandy-cupen. I tillegg kunne ungdomane gå på kafé og kjøpa heimelaga pizza, spela ulike spel og få med seg konsert i eit rusfritt arrangement. Tre på topp i cupen vart slik:

Klasse A (Jenteklassen):

1. plass: Resolver

2. plass: Amigos

3. plass: 3G Mus

Klasse B (8.–10. kl):

1. plass: Pull-up skrrt

2. plass: Fusa Dragons

3. plass: Gucci Gang

Klasse C (1. vgs +):

1. plass: Follow Alida

2. plass: Køllebøllene

3. plass: Kraftbaljo