Til helga blir det full rulle med nattcup i innebandy i Husneshallen

Laurdag vert det igjen invitert til nattcup. Her frå eit av oppgjera i 2015. (Arkivfoto).

Laurdag vert det igjen invitert til nattcup. Her frå eit av oppgjera i 2015. (Arkivfoto).

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Laurdag 28. oktober inviterer KRIK Husnes for sekstande år på rad til sin årlege innebandycup i Husneshallen.

DEL

MeiningarOpningsshow, innebandyturnering med flotte premiar, sykkelshow, Jesus-hjørne, kafé med Playstation og FIFA18 er stikkord som skal motivera ungdommar frå åttande klasse og oppover til å ta turen innom dette kristne, rusfrie arrangementet.

Husnes kyrkjekontor har arrangert innebandyturneringar i mange år. Dei siste åra har det vore 400–500 ungdommar innom arrangementet. Fleire år har meir enn 30 lag stilt i turneringa, og det har vore stor stemning både på banane, på tribunane og i nattkafeen.

I tillegg til opningsshowet vert det og ein programdel seinare på kvelden. Her vil m.a. Jakob Saghaug frå Stord fortelja litt om Jesus og det kristne livet. Jakob er ansvarleg for ungdomsarbeidet i Indremisjonssamskipnaden, og mange ungdommar i bygdene våre har nok stifta kjennskap med han m.a. på leir på Brandøy eller Helgatun.

Sykkelshow

Dette året har me òg fått med oss Eirik Ulltang frå Øystese som vil ha eit sykkelshow for oss. Eirik har meir enn 15 år med erfaring frå trialsykling, og er per i dag den einaste profesjonelle trialsyklisten i Noreg. Han er tre gonger norgesmeister og rangert som nummer 11 i verda. Eirik har mellom anna hoppa Svolværgeita med sykkel, og var den første som sykla opp til Preikestolen i Lysefjorden! Me gler oss til å sjå og høyra desse to karane. Eirik viser dessutan delar av showet sitt på Husnes Storsenter tidlegare på dagen.

Sosialt

Det vert òg lagt stor vekt på det sosiale rundt sjølve turneringa på ein Nattcup; Også dette året vert det kafé med heimelaga pizza, brus og div. snop. I kafeen er det flott å slå seg ned og ta ein prat med andre. Dersom ein ynskjer det, kan ein og ta ein tur bortom Jesus-hjørnet og ta ein prat om livet og det å tru eller det å tvila. Ein annan ting som skjer i kafeen er at me riggar til ein flat-TV med Playstation4 og FIFA18 som ungdommane kan utfordra kvarandre i. Oppe i andre høgda kan ein spela det populære «snurre-fotball-spelet».

Det kostar nokre tiarar for dei som vert med i sjølve turneringa (konfirmantane i kyrkja i Kvinnherad går gratis), og ein kan bruka litt pengar i Nattkafeen. Utover dette er det heilt gratis å koma og vera med på alt det som skjer i Husnehallen denne kvelden! Takka vere midlar frå eit raust lokalt næringsliv er me stolte over at me kan tilby ungdommane dette!

Flotte premiar

I innebandy-turneringa vert det konkurrert i tre klassar; éin rein jenteklasse og to aldersbestemte klassar der det kan vera både gutelag, jentelag eller miksa lag (8.–10. klasse og 1. vg og oppover). Det vert flott premie til kvar einskild spelar på dei tre første plassane i kvar klasse. Spelarane på vinnarlaga får dessutan eit gåvekort på Peppes Pizza, slik at dei kan gå ut og feira sigeren der. Som om ikkje dette er nok, er alle deltakarar i turneringa med i trekkinga av eit gåvekort pålydande kr 1000,- på treningssenteret TrimX på Husnes! Dersom vinnaren ikkje kan nytta seg av gåvekortet, betaler dei ut verdien i kontantar. Også under opningsshowet vil me trekka ut ein heldig vinnar av eit gåvekort på kr 1000,- frå MX Sport. Så her kan ein altså vinna enten ein er med i turneringa eller ikkje!

Dei som vil vera med i turneringa kan melda seg på via internett (www.kriknattcup.com). Påmeldingsfrist er torsdag 26. oktober.

Sjølv om Nattcupen er eit 100 % rusfritt arrangement i kristen regi, ynskjer me ikkje at dette skal vera ei slags sovepute for foreldre og føresette. Ta gjerne turen oppom Husneshallen i løpet av kvelden. Arrangementet er ope for alle. Sørg for at din ungdom ikkje diskvalifiserer seg sjølv frå å koma inn på det rusfrie arrangementet. Me ynskjer at Nattcupen, og alle aktivitetane rundt sjølve turneringa, nettopp skal vera ein stor motivasjon for ungdommane til å halda seg rusfrie.

Jan-Ove Fagerheim,

kyrkjelydssekretær

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags