«Vindkraft i Kvinnherad – nei takk!»

Av
DEL

MEININGARKvinnherad har ein flott natur med noko av det vakraste Noreg byr på med fantastiske fjell og fjordar. Denne naturen må beskyttast mot inngrep. Nyleg har Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) levert deira utkast til Nasjonal ramme for vindkraft på land, her er blant anna Kvinnherad peikt ut som eit område eigna for vindkraftutbygging. Dette vil bety stor inngrep i naturen, ein natur som bør takast vare på.

Vindkraft i Kvinnherad vil kunne true dyr, fuglar og insekt i kommunen. Ein ny rapport frå FN seier at ein million artar er i fare for å bli utrydda i verda i dag, og at inngrep i naturen er ein stor grunn til dette. Vi må ta vare på alle dei artane som lever her i Kvinnherad.

Kvinnheradfjella er og viktige friluftsområde med eit stort utval turmoglegheiter. Uavhengig av alder og fysisk form kan ein kome seg ut på tur og få oppleve naturen her i kommunen. I seg sjølv har friluftslivet ein stor verdi, og det har positive effektar på til dømes turisme og folkehelsa.

Kommunen har i denne saka ein moglegheit som det har vore lite fokus på. Gjennom kommuneplanen sin arealdel kan kommunen regulera og planlegge korleis ulike areal i kommunen kan nyttast. Område som Mjelkhaug og Svaneheia med fleire er i dag regulert til landbruk, natur og friluftsområde. Skal ein i desse områda kunne bygge ut vindkraft må dei regulerast om eller dispensasjon må gjevast.

Kvinnherad SV ønsker ikkje vindkraftutbygging i kommunen og representantar frå partiet vil derfor verken stemme for å regulere om desse områda eller å gje dispensasjon til kraftutbygging. Dersom område i kommunen som er regulert annleis skulle vise seg aktuelle for vindkraftutbygging og det viser seg naudsynt vil partiet fremme forslag om reguleringsendringar slik at områda vernast.

Kvinnherad SV ønsker å bevare naturen, artsmangfaldet og friluftslivet i kommunen og går derfor imot utbygging av vindkraft i området.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags