Gå til sidens hovedinnhold

Nav: Personar i heimekarantene har rett til sjukmelding

Artikkelen er over 1 år gammel

Viss ein lege har vurdert at ein må haldast isolert fordi ein kan vere smitta av koronaviruset, har ein rett til sjukmelding, opplyser Nav.

Dette gjeld òg viss legen ikkje veit sikkert om pasienten faktisk er smitteberar, og dersom kommunelegen nedlegg forbod mot at ein arbeidstakar gjer jobben sin på grunn av smittefare, skriv etaten i ei melding på nettsidene sine.

Dersom personar isolerer seg utan tilråding frå lege, vil dei ikkje ha rett til sjukepengar eller andre ytingar frå Nav.

Etaten foreslår òg heimekontor som eit aktuelt tiltak for å unngå sjukmelding.

(©NPK)

Les også

Personar i heimekarantene i heile landet etter mistanke om virussmitte

Kommentarer til denne saken