Gå til sidens hovedinnhold

NAV ynskjer betring av publikumsmottaket

Artikkelen er over 2 år gammel


Kommunen vil prøva å få på plass eit overbygg med levegg framfor hovudinngongen på NAV-bygget på Husnes.

Det kjem fram i ei innstilling til kommunestyret frå kommunedirektøren.

Les også: Rysta over Nav: – Ikkje ein stad der ein kjenner seg velkommen

Brakkene som NAV i dag nyttar til midlertidig publikumsmottak medan dei venter på ferdigstilling av nye lokale på Aksen, er eigd av Ramirent. Dei har vore tilbakehaldne med å gje løyve til ombyggingar, sidan brakkene skal tilbakeleverast i opprinneleg standard.

Opningstidene er i dag frå 12-14 fire dagar i veka, men også utanfor desse opningstidene er det mange innbyggjarar som har avtale med tilsette. Desse blir ståande ute i all slags vêr.

Dato for når saka skal opp i kommunestyret er ikkje fastsett.

Kommentarer til denne saken