Stadig færre arbeidsledige

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Det går rette vegen for folk utan arbeid i kommunen vår. I september vart det registrert 217 personar utan fast arbeid. Av desse er 55 på diverse Nav-tiltak. For ein månad sidan var talet 239 ledige og 55 på tiltak. Den prosentvise delen av arbeidsstyrken har med det gått frå 3,6 til 3,3 prosent på ein månad, inkludert personane på arbeidsmarknadstiltak.

Ser vi på Sunnhordland under eitt er 3,4 prosent av arbeidsstyrken utan fast arbeid. I Hordaland er talet 3,6. Begge prosenttala inkluderer personar på tiltak.

I ei pressemelding frå Nav går det fram at ingeniørar, IKT-medarbeidarar, industriarbeidarar og bygg- og anleggsarbeidarar har hatt den mest positive utviklinga som etterspurde yrkesgrupper i Sunnhordland.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags