Nav-sak utløyste debatt i kommunestyret

OVERBYGG: Kommunen vil undersøkja om brakkerigg-utleigaren går med på at det blir laga overbygg og levegg ved inngangen til Nav på Husnes.

OVERBYGG: Kommunen vil undersøkja om brakkerigg-utleigaren går med på at det blir laga overbygg og levegg ved inngangen til Nav på Husnes. Foto:

Saka om venteforholda ved Nav på Husnes utløyste debatt i kommunestyret onsdag.

DEL


Etter at venteforholda ved Nav har vore tema både i lokalpressa og i form av spørsmål til ordføraren, har Kommunedirektøren undersøkt ulike løysingar og kostnadane med desse. Onsdag kom saka opp i kommunestyret. Leigde vakter gjennom vaktselskap vil kosta rundt 1,4 mill. kroner per år, medan ei halv stilling ekstra for å få til utvida opningstid for bemanna mottak vil kosta rundt 350.000 kroner i året. Ombygging blir for dyrt, særleg med tanke på at Nav skal tilbake til Aksen neste vår.

Innstillinga frå Kommunedirektøren landa på ei reint fysisk løysing for dei mellombelse Nav-brakkene på Husnes: «Kommunen vil freista å få løyve frå Ramirent (selskapet som leiger ut kontorbrakkene, red. anm.) til å få på plass eit overbygg med levegg framfor hovudinngangen. Det var ikkje laga kostnadsoverslag for ei slik løysing.

Hege Lægreid Røssland (SF), ei av fleire som har engasjert seg i saka, tok ordet først i debatten:

– Saksframstillinga er grundig, men eg er usamd i konklusjonen. Ein må ha dei stillingane som må til for at ein kan ta imot folk som møter opp. For tida er mange fleire som må på Nav på grunn av endra regelverk og høgare buutgifter. Dette er resultat av politiske vedtak, og då er det vi som politikarar som må ta ansvar her.

Røssland til orde for å oppretta ei halv stilling fram til dei nye Nav-lokala i Aksen er klare.

Sølvi Ulvenes (H) viste til at det gjerne er dei som kjem for tidleg til avtalar eller opningstid som blir ståande å venta ute. Til forslaget frå Røssland opplyste Ulvenes, som sjølv jobbar ved Nav, at tryggleiksreglane for Nav-tilsette tilseier at ein må vera to personar i ei ope publikumsområde.

Wivian Markhus (Ap) var redd Nav-brukarane vart oppfatta som kriminelle:

– Noko anna som er rart er at det faktisk er eit venterom der. Ein kunne vel opna ytterdøra, hatt ei kølappsystem og behalde neste dør låst? Litt av grunnen til at folk står i kø er at nokre ikkje har sertifikat og må ta buss. Andre har sosial angst og vil ikkje vera på senteret.

Kent Are Kjørsvik Petterson (V) presiserte at ingen i kommunestyret meiner Nav-klientar er kriminelle:

– Men nokre utagerer av og til fordi dei ikkje får den utbetalinga dei vil ha. Eg har sjølv sett ein Nav-venterom bli snudd på hovudet.

Også Kai Morten Torget (Frp) hadde forståing for Nav sitt regelverk med omsyn til tryggleik:

– Nav har strenge rutinar fordi mange Nav-tilsette har opplevd ubehagelege situasjonar. Overbygg og levegg er ei god løysing.

Innstillinga til Kommunedirektøren vart vedtatt med 24 mot 11 stemmer (Ap, MDG, SF og éi stemme frå Sp).

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags